Midt i februar 2017

Share
Foto frå TV2 Fjellmat

I kveld var det igjen sending i Valle Radio. Men eg tippar at mange skrudde av radioen og heller fekk med seg sendinga med Fjellmat sesong 2. I år går den på onsdagskveldane, i direkte konkurranse med Valle Radio si sending. Difor fekk nok ikkje Øyvind og Arne Tronsen så mange lyttarar som dei kunne hatt. Men programmet med Rune og Margit og Moi var hyggeleg med nydelege bilete frå Byglandsfjord, Longerak og Rygnestad.

I Valle Radio var det Jorunn Lund Harstad som hadde Opi sending i kveld saman med Kåre Rike. Då brukar det å vere fin servering, gjerne smørbrød med egg og andre godsaker. Men det skal noko til å konkurrere ut takkesteikt lam, lappar med blåbær og heimelaga is, slik vi fekk sjå i kveldens program, sjølv om kurv vel helst er for dei meir spesielt interesserte.

Gårsdagens sending var frå Radio Evje og det var KVS Bygland som stod for den sendinga. Dei skal ha basar i morgon til inntekt for Latvia-prosjektet sitt. I morgon torsdag klokka 18 er det basar på skulen, då kan ein oppleve basarstemning direkte. Korleis sendinga i går gjekk, veit eg ikkje, men skulen samlar inn pengar til å dekke kostnadene med hytte nr. 14 som dei har bygd til ein leirstad i Latvia der fattige barn kan kome på rimeleg ferie. I går kunne ein visstnok også kjøpe lodd under sendinga, men for å oppleve trekninga, må du ta turen til skulen i morgon. Kan hende er det du som vinn ein badestamp laga av elevane på skulen?

Program onsdag 15.02.17
Ansvarleg Øyvind Jacob
Teknikar Liv Gunn Viki
Telefonvakt Ingeborg Åkre Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif B Harstad
19.30 Kommunen informerer med ordførar Steinar Kyrvestad
20.00 Øyvinds time
– Mimring og samtale med Arne Tronsen i veksel med musikk
21.00 Opi sending med Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *