Napoleonskake

Share
Gunbjørg og Sigurd, Ole Thorvald og Jorunn gleder seg til klippekrans, vaflar og napoleonskake

Deter ikkje bollesøndag før neste søndag, men napoleonskake er ei god erstatning. I dag møttest me på Ålgård att, alle søskena med ektefeller. Men Gaute til Solvor er i Bangladesh og sender daglege meldingar heim på Facebook, så han var ikkje der.

Praten gjekk om laust og fast, mimring om år som etter kvart ligg langt tilbake. Og så var det tid for risengrøt med rød saft før praten og tankane atter for vidt og breitt om folk og hendingar for år tilbake. At eit klassebilete dukka opp, ga innspel til takksemd for år som har gått.

Og så var det tid for napoleonskake. Bakverk som klippekrans og vafler er ikkje å forakte, men napoleonskake slår det meste i mine augo og Solvor har funne ut at ho kan få dei for halv pris på lørdagar, det er visst fredagar som er napoleonskakedag på Varhaug. Ni personar deler seks napoleonskaker, det blir ei halv på dei andre og ei heil til Hermund og meg. Det er eit reknestykke eg likar, men om du tel etter, vert det eit halv til overs. Problemet er at då er eg mett, så eg kan ikkje vere med i konkurransen om det siste.

Så gjekk praten. Det dukka opp ei bok med utklipp frå folk e» løgne der eg gjerne deler denne med deg: Presten hadde fått motorsykkel, dette var i mellomkrigstida. Men etter ei stund kom han til politikammeret og ba om å få nytt nummer på sykkelen.

-Kvifor det? lurte politiet på.

-Eg har fått nummer 628, og sidan eg er prest, vert eg stadig minna om salma på det nummeret, Gå nu hen og grav min grav, og då er det ikkje moro å kjøre lenger.

Far ga i si tid ut boka Muntre minner fra Figgjo Fajanse på Setesdalsforlaget. Kan hende eg skal bidra med ei soge derifrå seinare. Han ville ikkje tene pengar på boka, så overskotet ga han til aksjonen Sykehuset i våre hender. Dei fekk 7000 kroner og boka vart heilt utseld.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *