Årsmøtetid

Share

Det er årsmøtetid, og komande tysdag er det årsmøte i Valle radio. Det kolliderer med tysdagssendinga, men Siri har vald å ikkje avlyse sendinga. Det beste er jo når sendingane går etter fast rutine.

Årsmøtet skal handsame aktiviteten i Valle Radio i 2016, og det er jo flott at det ikkje går så langt inn i eit nytt år før ein får gjort opp status. Eg tok ein kikk på Setesdalswiki for å sjå kor mange sendingar vi hadde i fjor, det vart 52, i snitt altså kvar veke. No har vi jo sending to gonger i veka, men den lange sommarferien gjer at vi ikkje får så mange, og så kan det vere avlysing av ulike årsaker.

Om vi skulle lista opp tema som har vore omtalte og folk som har vore med i radioen i året som gjekk, ville vi få to lange lister. Og eg trur mange ville blitt overraska over breidda både i musikk og tematikk. Valle Radio er bygderadio på sitt beste.

Det vil føre for langt å lage ei slik liste her på bloggen, eg er for lat til det. Men om du vil, kan du gå inn på kategoriane Valle Radio våren 2016 og Valle Radio høsten 2016 og slå opp sjølv. Det er nok ikkje alt, for av og til har noko falle ut, men du får eit godt oversyn.

Ein tanke om “Årsmøtetid”

  1. Tja, eg hadde allereie store delar av programmet klart med ein gjest eller to da eg såg årsmøteinnkallinga i Setesdølen sist tysdag… Niklos og eg får nok ingen pizza den kvelden…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *