Når initiativet minkar

Share

Av og til kjenner eg på at initiativet minkar. At det ikkje er like inspirerande å halde på å skrive artiklar på Setesdalswiki. At vi er så få som held på. At det ikkje er lett å finne kjelder. At røde lenker mest overmannar ein. Det var så mykje som skulle vore gjort.

Då kan det vere godt å få eit spørsmål om det kanskje kunne vere på sin plass med ein artikkel om dette emnet. Kan hende kjem det i form av ein epost, så kan ein sende melding tilbake når artikkelen er oppretta. Å få respons er ei glede og ei positiv oppleving.

Den beste responsen er den som er konkret og seier takk for noko spesielt, ikkje bare noko generelt.

Før helga fekk eg ein epost frå ein person som sakna nokre norske medisinprofessorar på Wikipedia. Dersom eg ville ha ei liste, kunne han sende meg den. -Ja, takk, sa eg, den kan eg legge som ei underside hos meg, og så kan vi sjå om det kjem nokre artiklar om dei etter kvart.

Så fekk eg lista, la henne inn og såg at vi hadde artiklar om nokre av dei om lag 30 namna han hadde på lista, dei hadde bare ikkje hamna i rett kategori. Men framleis er det over 20 att å sjå om vi kan finne noko om.

Det slår meg kor avhengige vi er blitt av internettet. Det som vi treng å vite, vil vi helst kunne slå opp på telefonen eller nettbrettet. Bokleg informasjon er mykje vanskelegare å dra nytte av, då må ein på eit bibliotek og bla i leksikon og bøker, slik vi gjorde i gamle dagar. Og det gjer vi helst ikkje lenger, vi vil ha det meste digitalt.

Sist veke fekk eg eit par bilete tilsendt frå Rune Gunnerød. Dei kunne eg legge inn på Setesdalswiki og slik gjere vårt lokale leksikon litt betre. Det er inspirerande. Inspirerande er det også å sjå alt det Geir finn å skrive om når han fartar rundt i Setesdal. Då veks også Setesdalswiki. Til og med når mitt initiativ ikkje er meir enn middels.

Men eg lurer av og til på kvifor det er så få som registrerer seg og skriv litt om alt dei veit og kan og slik hjelper i dugnaden for at vi kan finne informasjon på dingsane vi studerer så mykje.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *