500 år sidan reformasjonen

Share

I kveld let eg Valle Radio seile sin eigen sjø, i staden reiste eg til Nidarosdomen via NRK1 og var saman med ei fullsett kyrkje der.

Det heile starta etter Dagsrevyen klokka 19.30. Då kom kong Harald med fylgje, deretter ein stor prosesjon og så fekk vi høyre Vår Gud han er så fast en borg med eit forsterka domkor.

Det vart ei fin oppleving, det var ein økomenisk gudsteneste med folk frå ulike kyrkjesamfunn. Alle i kyrkja hadde programhefte og visste kven som deltok, men vi heime i stovene måtte nøye oss med ein rulletekst til slutt.

Eg brukar å sjå på STV2 sin gudsteneste, der får vi namn på alle deltakarane etter kvart som dei kjem inn, det burde NRK også klare. Arrangementet er planlagt til minste detalj, ein liten namnelapp måtte vel kunne leggjast inn, ikkje bare salmetitlar.

No måtte eg bare gjette kven som las tekstar i det ekumeniske innslaget og kven den katolske biskopen var, han er for øvrig litt meir kjent, så der stod eg ikkje fast. Men kven spelte orgel og lutt, kven dirigerte, kven dansa, kven var solist, kva heitte dei ulike biskopane som forretta.

-Sjå rulleteksten, seier du

Den rulla så fort at det var heilt uråd å følgje med, for dei måtte jo få plass til ein reklame for URIX før distriktsendinga.

Flott oppleving, diverre ikkje så TV-vennleg som det kunne vore.

I Valle Radio var det også markering av reformasjonsjubileet. Det skjedde i Postludium, der fekk folk høyre heil Bachs kantate nr. 80, Ein feste Burg. Men eg var i Trondheim i kveld.

Spennande veke

Share

Det vert ei interessant veke i Valle Radio komande veke. Særlig er det tysdagen som er interessant etter mi meining, for då skal Siri ha med seg Dag Hovden for å snakke om radikalisering. Han hadde eit innlegg i Fædrelandsvennen om dette tidlegare denne månaden, og det er interessant å få høyre om dette frå ein av politiet.

 

Tysdag 31. oktober
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel med Harald Avtjern (Norea)
18.30 Sangtimen
19.30 Nytt frå Bykle kommune med ordførar Jon Rolf Næss
20.00 Aktuell halvtime med Dag Hovden om radikalisering
20.30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 1. november
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Torleif Homme
20.00 Siris time
21.00 Johs Bjørkeli presenterer Rolling Stones og andre country-artistar

Podcast av kommunestyremøte

Share
Foto: Britta Lise Homme

Det har vore diskutert ulike måtar å legge ut programma i Valle Radio som podcast, det vil seie at ein kan høyre dei i ettertid, ikkje bare medan sendinga går.

Mange har ønskt å kunne høyre innslag med seg sjølv eller om aktuelle saker, men har ikkje hatt høve til det på direkten. Men det har vore vanskeleg å få det til. Vi hadde eit tilløp til det der vi la ut lenke til filer frå programsida på Setesdalswiki, men det vart slutt.

I kveld kan eg glede dei som vil høyre kommunestyremøtet som vart overført i kveld med at det ligg ei lenke til programmet på sida til programmet på Setesdalswiki. Eg vonar at du går inn og høyrer på programmet, det vil vise at det kan vere trong for eit slikt tilbod.

Så får vi håpe at det ikkje var eit eingongstilfelle, men at både kommunestyremøte og andre sendingar etter kvart kan kome som podcast. Mange ville bli glade om det skjedde.

Her finn du programmet med sakliste på Setesdalswiki si side for sendinga i Valle Radio i kveld

Onsdagssending i Valle Radio 20171025

Alternativ sang

Share

På DAB-kanalane kan ein høyre popmusikk frå ein vaknar til ein legg seg. I Valle Radio si tysdagssending er det alternativ musikk på kjøreplanen.

Til vanleg er det ein sangtime med for det meste kristen sang frå 18.30 til 19.30 i Valle Radio. I den perioden er det nyheter på TV, så for meg som i mange år budde i Valle og ikkje såg TV, er dei prioriterte. Difor fekk eg ikkje høyre programmet På sangens vinger som Siri hadde i kveld, det var frå Norea. Etter det hadde ho nokre songar av gruppa Frisk Luft, eg trur ho likar dei ekstra godt.

Elles ser eg av programmet på Setesdalswiki at ho hadde med Gunstein Draugedalen og Kristina Jølstad Moi i kveldens program, og så hadde Niklos to korverk med eit kanadisk kyrkjekor. Dei fekk eg med meg, og dei var gedigne: Herbert Howells Te Deum Laudamus  og Gordon Slater: Jesus, the very thought of Thee.

Å høyre eit sangprogram er etter mi meining heilt ok. Men eg likar ikkje at når eg vil høyre nyheter på Sørlandssendinga om morgonane klokka halv åtte, så får eg ti minutt med riksnyheter, deretter må eg høyre ein poplåt før eg får lokale nyheter. Det fører ofte til at eg skrur av radioen heller enn å vente på det eg vil høyre.

Men slik er livet for ein som ikkje er så glad i popmusikk. Så får det våge seg at eg heller ikkje alltid får med meg sangtimen i Valle Radio.

Av og til tenkjer eg at eg vil skrive om songane på Setesdalswiki også, men det har eg bare gjort i liten grad enno. Vi får sjå kva som skjer utetter vinteren. Skrivegleda har vore litt redusert i haust, så det går litt i rykk og napp.

Det skjer i Bygland

Share

Onsdagskveldane har vi programmet Kommunen informerer, der folk frå Valle kommune har ein halvtime til å informere om aktuelle saker i kommunen.

Tysdagskveldane har Siri ofte fått med folk frå Bykle og Bygland for å informere om aktuelle saker i dei kommunanen, som oftast ordførar. I morgon har ho fått med Leiv Rygg, byglandsordføraren som i dag var i sentrum under vegopninga på Skomedal saman med folk frå regjeringspartia, vegvesen og mange lokale og glade folk. Han er vel kanskje komen ned på jorda att i morgon, men vil sikkert fortelje litt om opplevinga i radioen, i tillegg til anna lokal informasjon få Bygland.

I tillegg kjem museumspedagog Johanne Hortemo for å fortelje om planane for familiedagen på Setesdalsmuseet sundag. Det er siste dagen i Kulturveka 2017.

Begge desse to har ofte vore med i program i Valle Radio. Men Linn Kristin Flaten frå Vatnestrøm har ikkje vore med i Valle Radio før. Ho vil fortelje om NM i gjetarhund, der ho fekk 4. plass sist helg.

Elles har programmet tysdagskvelden dei vanlege faste postane frå klokka 18. Og onsdag er det kommunestyremøte.

Tysdag 24. oktober
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel med Harald Avtjern (Norea)
18.30 Sangtimen
19.30 Nytt frå Bygland kommune med ordførar Leiv Rygg Langerak
20.00 Aktuell halvtime om Familiedagen på Setesdalsmuseet og
Linn-Kristin Flaten i NM gjetarhund
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 25. oktober
Teknikar: Jørund Georg Jore
18.00 Møte i Valle kommunestyre

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Edlandshavet og Limavatnet

Share
Foto: Rønnaug Haugland Lyckander

Eit bilde på Facebook kan gje mange assosiasjonar. Slik var det for meg då Rønnaug posta eit bilde ho kalla Ålgård fra oven på Facebook. Den som såg Ålgård på bildet måtte ha gode augo, men det var eit flott utsyn mot Jæren frå høgt over Høg-Jæren.

I ungdommen hendte det at vi tok turen rundt Edlandsvatnet, men for ein som vaks opp mellom Edlandsvatnet og Øygardsvatnet og som til og med hadde eit år i kanten av Flassavatnet, var det mange minne som dukka opp.

På bildet ser du Edlandsvatnet reflektere i sollys, mens Øygardsvatnet ligg i skuggen til høgre. Flassavatnet ligg under skya, på bildet under Edlandsvatnet. Og så strekkjer Limavatnet seg frå Vaula bru og heilt ut i venstre kanten av bildet.

Den som såg Tour des Fjords på sykkel i sommar, såg syklistar som sykla på andre sida av Limavatnet, inn til Oltedal, over fjellet til Sandnes.

Rønnaug kommenterte det snaue landskapet, det er lite tre å sjå. Og det har jo vore kjenneteikn på Jæren.

Vi som budde nord på Ålgård, gjekk mest til Øygardsvatnet for å bade om sommaren. Då gjekk turen i kanten av det vi kalla Toreskogen og over eit par steingardar før vi kom til badeplassen Rauvigå. I dag er det området fullt av hus, Ålgård er blitt ein drabantby til Stavanger.

Overflod

Share

Meterologene sa at det skulle bli mye vann på Sørlandet, særlig fra Kristiansand og østover i helga.

-Da kommer det ikke så mye her, tenkte jeg og tok en tidlig kveld i går.

Som oftest er det jeg som står opp først, men i dag var det Reidun.

-Du må komme og se, det flyter, sa hun.

Og fløt gjorde det. Området nedenfor låven, der hvor vi har plen, var fullt av vann, det rant over veien, stikkveien opp til naboen hadde dype grøfter, de må nok fylle på sand igjen, slik de måtte etter forrige runde.

Til vanlig merker vi ikke så mye til regn og vind hos oss. Men denne gangen slo det til for fullt. Og vi er ikke øst for Kristiansand, så jeg undret meg nok litt på hvordan det var der når det var slik hos oss.

I løpet av dagen sank det litt, men så tok regnet seg opp igjen, så vi må nok vente en stund før det blir tørt, og plenen blir neppe slått flere ganger der i år.

Vi måtte en tur til Mandal for å hente Lindesnes i dag, den uteble i postkassen, men kunne hentes på Narvesen mot fremvisning av en kode. Da tok jeg blidet fra bilen for å kunne dokumentere alt vannet.

Når ingen ringer

Share
Foto: Britta Lise Homme

Kveldens sending i Valle Radio var det Liv Tanche-Larsen som hadde ansvaret for. Etter vanleg start med Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke og Kommunen informerer med ordførar Steinar Kyrvestad, var det tid for Livs time med gjester og musikk.

Der hadde ho desse innslaga (sitert frå omtalen på Facebook):
-Mekkeungdom på den gamle søppelplassen, Folke Egilson Åmlid, Ola Øyvind Løyland og Jonas Viki kjem i studio og fortel om storsatsing på å få til eit mekkeverkstad

-Bli betre kjent med Berit Junge Henriksen, ei kvinne som ynskjer meir fellesskap og gjennom sitt engasjement i Folkeakademiet, og den foreståande kulturveka, skaper møteplassar og kulturarrangement for folk i alle aldrar!

-Hanne og Vetle er elevar ved Setesdal folkehøgskule – Motorsport skulen, dei fortel om eit år ved fhg skulen og om sitt engasjement for å være bøssebærar!

Så var Liv ferdig og Ørnulf tok over for å ha Opi sending. Eg plar sjeldan høyre på den, men i kveld vart eg med fordi han sende meg ei melding og ba meg lage fem rebusar med tema haust.

Han brukte bare tre av dei, noko som var heilt naturleg, for det var bare Gyro Kopperud som ringte inn med rett løysing på alle tre. Så i staden for å nytte dei siste, spelte han heller litt musikk, det var countrymusikk med minner, fint å høyre på ein mørk haustkveld.

Men så kom det nokre interessante nyheter som sikkert kunne vore verd eigne innslag og fortalt meir om kva det betyr. Den eine var relatert til dagens møte i Setesdal Regionråd. Frå neste år vil møta i regionrådet bli overførte på Valle Radio. I Setesdølen i går stod det at radioen skulle få 5000 kroner for kvar gong. Ørnulf kunne fortelje at det måtte noko nytt utstyr til, og det var det leveringstid på, så difor kom dei ikkje i gang før til neste år. Det blir ei spennande utviding av tilbodet til radioen.

Og så kunne han fortelje at Valle Radio no har meldt seg inn i Norsk Lokalradioforbund. Eg tenkjer at det var på tide, etter 20 år bør vi vere med i det gode selskapet.

Onsdag med Liv

Share

I kveld, tysdag, hadde Siri Johannessen med seg to teologar, begge med bakgrunn frå Bibelskulen i Grimstad. Det vart ein interessant time med tankar om tvil og tru så vel som tru i samfunn og dagleg liv. I tillegg hadde ho ein sangtime der Per Oddvar Hildre var samlande dirigent, kordirigenten som nyleg vart kommandør av St. Olavs orden for sitt lange liv i sangens teneste. Det var eit variert program som synte mange sider av hovudpersonen. Alt dette kan du så på sida til programmet på Setesdalswiki, der har ho lagt ut ei detaljert speleliste.

I morgon skal ho vere teknikar for Liv Tanche-Larsen. Dermed blir det to kveldar i Valle Radio for Siri denne veka, ho stiller i staden for Torhild Sandnes, som er bortreist.

Her er programmet:

Onsdag 18. oktober

Teknikar: Siri Johannessen

Ansvarleg: Liv Tanche-Larsen

Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke

19.30 Kommunen informerer ved ordførar Steinar Kyrvestad

20.00 Livs time med gjester og musikk

21.00 Opi sending med Ørnulf Hasla.

Tysdag att

Share

I går sa eg at eg skulle skrive meir om Valle Radio si første tid i dag. Men det får vente, for det er naturleg å skrive om tysdagsprogrammet på måndagskvelden, slik at du som les bloggen, kan vite kva du får høyre i radioen i morgon kveld.

Som vanleg har vi dei faste postane frå starten av sendinga med kåseri av Asbjørn Kvalbein og andakt frå Norea. Norea Mediemisjon har vore ei kjelde vi har kunna ause av til tysdagssendingane heilt frå starten for 20 år sidan. Dei har alltid hatt som policy å støtte nærradio, gjennom åra har det vore mange nærradioar som har fått program inspirasjon frå dei.

Etter sangtimen kjem så ein aktuell time. Der har Siri fått med presten i Valle, Tom Martin Berntsen. Då han starta i haust, heldt han eit innlegg i kyrkja der han fortalde om seg sjølv, og det er dette han vil bruke som grunnlag i radioen i morgon kveld. I tillegg vil ho ha ein prat med Kjetil Glimsdal, ordførar i Grimstad, tidlegare rektor på Bibelskolen i Grimstad og prest. Han vil snakke om Luther og politikk, eit foredrag han hadde sist tysdag i kommunestyresalen i Valle som vi no får smakebitar frå.

Og så kjem Niklos i studio med ein program om Albert de Klerk, den nederlandske organisten som ville vore 100 år 4. oktober 2017.

Tysdag 17. oktober
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
1800 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
1815 Over ein open bibel frå Norea med Harald Avtjern
1830 Sangtimen
1930 Aktuell time, Tom Martin Berntsen presenterer seg og Kjetil
Glimsdal fortel om Luther og politikk
2030 Postludium med Niklos K. Besteland
2100 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com