Elektriske bilar

Share

-Vil du ha elektrisk bil? spurde Siri Johannessen i den aktuelle timen tysdag.

-Det vil eg, svara Geir Skjevrak, men først må rekkevidda bli slik at eg kan kome frå Bygland til Kristiansand og tilbake, eller til Hovden. Difor ventar eg litt.

Det er nok bil nummer to i familien det gjeld. Men fleire og fleire får seg elektrisk bil, og no er det kome ladestasjonar i heile Setesdal. Laurdag vert det markert opning av ladepunkt for Tesla, som har sitt eige system så vel som for europeiske og asiatiske bilar på Hovden.

Elles i tysdagens sending var det ein times samtale med Kjetil Rike og ein god prat med Bjørgulv Sverdrup Lund om flaumen og regulanten. Eit opptak som Siri hadde gjort med Kjell Øyvind Berg måtte gå ut, då vårt gamle og av og til noko lunefulle tekniske utstyr ikkje ville samarbeide.

Her er programmet:

Program tysdag 03.10.17
Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein om skjønnhet
18.15 Over ein open Bibel frå Norea med Alf Kristian Tellefsen
18.30 Eit møte med Kjetil Rike, manns minne og musikk
19.30 Aktuell time
-Kjell Øyvind Berg tenesteleiar teknisk drift mm. Bygland kommune
-Bjørgulv Sverdrup Lund, Otra kraft
-Geir Skjevrak – den elektriske dalen
20.30 Postludium med Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken