Prolog

Share

Her er prologen eg laga til sendinga i Valle Radio i dag:

No vil me radio ha i Valle,

for Bykle Radio gleder alle.
I Heradshuset me starte kan
og lage radio, alle mann.
 
Bygdekvinner og bondelag
scooterklubb og idrettslag,
misjonslag og kyrkjelyd –
alle, alle, vil vi ha med:
Barn, unge, vaksne og gamle,
bygda er rik på ressursar,
soger frå gamle dagar
skal Valle Radio samle.
 
Så mange idear kom og fordufta
som dogg for sola ein sommardag.
At Valle Radio kom på lufta
skuldast eldsjeler meir enn klubbar og lag.
 
Hallvard og Helge, 
Jørund og Torleif og Theis.
Skulle alle nemnast, prologen vart lang.
Rammene la dei på Valle Motell
og sendetidspunkt vart onsdag kveld.
 
Nyhetstime, barneprogram
andakt, programleiarhalvtime
ungdomshalvtime, opi sending
Bygderadio på sitt beste
Variert program for dei fleste.
 
Men barn og unge dei svikta radio’n,
truleg dei likte seg betre på stadion.
Så vart vi eit tilbod til vaksne og gamle
alle kunne vi samle,
i traktor og bil, 
heime i stova,
i hytta på heia
kvar einaste veke, slik reklamen vår sa.
 
Men ein kveld var ikkje nok.
Harald tok tysdagskvelden:
gudstenesteopptak, kristen lyrikk
og Niklos K. Bestelands orgelmusikk.
Smalt var det,
smalt skulle det vere.
Møte og misjon,
virke og visjon,
Valle Radio spegla det heile
sjølv om teknikken nok kunne feile.
 
Sendingar frå Alta til Åraksøyne, 
kommunestyremøte, politisk debatt,
rebusar mange og lyttarkontakt,
country- og folkemusikk,
alt fann me plass til og alt høyrde med,
mangt og mykje kan lyttarar gle!
 
Mest snakkar folk om påskebasaren,
den sikrar drifta kvart einaste år.
God underhaldning, dialektrik reklame.
Vinn du ei skinnfu, du får sikkert stakkedame.
Folk handlar lodd over telefone,
syng så ein sang utan takt eller tone.
Lodda betalar dei uansett,
vinnarlodd og taparlodd kjem ut på ett.
 
Bykle, dei ga seg, men me peisar på.
Det flotte radiohuset er lett å sjå.
Lyttarar har me frå Bjåen til Kile,
på det treng ingen å tvile. 
 
Ja sendingane våre, saman dei bind
regionen vår med dal og tind.
Lim i lokalsamfunn, frivillig dugnad
store og små til trivsel og hugnad.
 
Gratulerer med åra som gjekk
20 år saman me fekk
Takk til alle som vart med i gjengen
Til lukke eg seier i same slengen
med nye år og nye sjansar
Vi vonar at radio’n ikkje stansar!