Til minne om Theis Salvesen

Share

Kvelden i kveld vart ikkje som andre kveldar, korkje for meg eller i Valle Radio. I opninga starta Siri med å fortelje at vår tidlegare sokneprest og eldsjel i Valle Radio, Theis Salvesen, var død. Dei fleste visste nok at han var sjuk, men at han skulle døy så fort, hadde vi ikkje tenkt.

I ein samtale med Jon-Rolf Næss vart han også minna, både som prest og som samfunnsengasjert politikar. Heile 18 år var han i Bykle og Valle, det er klart at han sette store spor etter seg, mellom anna kom den nye kyrkja i Bykle i hans tid. Det same gjorde orgla i Valle og Hylestad. Sendinga i kveld vart avslutta med salma som Theis gjerne avslutta med når han hadde ansvar i Valle Radio: Bred dina vida vingar med Carola.

Theis reiste frå Valle i 2007 og vart prest i Tveit ved Kristiansand. Tveit menighet skreiv på Facebooksida si:

Det er med stor sorg vi i dag har mottatt beskjeden om at vår kjære sogneprest Theis Salvesen døde fredfullt med sine nærmeste rundt seg.
Theis var glad i bygda Tveit og folkene som bor her. Han vil bli dypt savnet.
Hans folkelighet og vide kontaktflate gjorde han til en kjær og høyt respektert person i bygda.
Tveit menighet har mistet en raus og fargerik sogneprest.
Det er i dyp takknemlighet vi i dag minnes Theis.
Vi lyser fred over hans gode minne.

Når eg skriv dette, har meldinga fått over 600 kommentarar og er blitt delt 50 gonger. Theis hadde mange som sette pris på mannen og tenesta han gjorde.

Sjølv hadde eg gleda av å samarbeide med Theis, han var den første eg møtte då eg kom til Valle i 1991 og starta som avdelingsleiar for kyrkjeseksjonen. Sjølv om eg etter to år fekk jobb på Valle skule, samarbeidde vi framleis i sokneråd og fellesråd. Sidan kom også fellesskap i arbeidet med Valle Radio. Det var eit stort sakn då han reiste.

Eg sluttar meg til orda frå Tveit kyrkjelyd: Med stor takksemd minnest eg Theis og lyser fred over hans gode minne.