Mange bekker små

Share

I desse tider når dei fleste småbekker har blitt flaumstore og vi framleis høyrer om skadene etter storflaumen på Drangsholt i Krisitansand i den eine nyhetssendinga etter den andre, kom eg til å tenkje på det gamle ordtaket om at Mange bekker små blir ei stor å.

Min samanheng var Setesdalswiki, der vi denne veka igjen runda eit nytt hundretal, no har vi over 88300 artiklar. Mange av desse har begynt som små spirer, men så har vi funne meir stoff å fylle ut med, og dermed har dei blitt litt større. Framleis er det mange spirer, men bekken veks litt kvar dag, ikkje minst når det regner.

Med basis i ei bok om Lund-slekta i Valle har eg etter kvart laga mange små artiklar om lensmann Ole Lunds etterkomarar. Ein av desse var Karl Sverdrup Lund. Nyleg dukka det opp eit bilete teke av Sverre Lund av Karl på Facebook, i gruppa Bilder av Bykle og Valle i gamle dager. Då kunne eg plusse på litt til i artikkelen, som jo blei finare med bilete.

Geir held på med gamle trebygningar i Setesdal. No har lista hans 11 slike bygningar, og fleire skal det nok kome. I dag kom ein liten artikkel om eit bur på Ose, RynniningsvoddenburetTa gjerne ein kikk på dei siste nye artiklane, det veks litt kvar dag. Og underleg nok slå er det mykje meir å ta av. Kven skulle tru at det var så mykje å skrive om ein trass alt nokså avgrensa del av Agder. Hadde fleire vore med i skrivinga, ville det blitt fleire små bekker som kunne skape den store elva, fylle eit kraftmagasin av informasjon og ein særmerkt og variert landsdel.