Vedlikehald

Share

I kveld vil eg kommentera vedlikehald på Setesdalswiki. Det er ein stor jobb å vedlikehalde alt som etter kvart ligg der av tekstar og informasjon. For ikkje sjeldan endrar ting seg.

Det kan vere at det er naudsynt med meir informasjon fordi ein person har slutta i ein jobb og det er kome ein ny i staden. Då skal me helst ha artikkel om den som tok over og samstundes oppdatere artikkelen om den som slutta.

For dei meir profilerte folka er det ikkje så vanskeleg, då finn vi ofte informasjon i Setesdølen. Men for mange er det ikkje så lett. Når vi så er ganske få som arbeider med dette, vil det med tida bli mange feil.

Eit anna problem er kjelder og eksterne lenker. Der kan vi nytte lenker til andre stader på Internett. Men så endrar dei noko, og plutseleg får vi ei daud lenke. Eit problem er dei kommunale kalenderane, der forsvinn informasjonen med datoen. Verre er det når dei legg om til nye heimesider, då forsvinn kjeldene for vår informasjon til nye plassar. Ettersom vi i leksikon som Setesdalswiki likar å kunne vise til kjelder, får vi problem.

Difor er Setesdalswiki både nybrott og vedlikehald på same tid.