Valle Radios første tid

Share

I dag dukka det opp ein interessant epost i innboksen min. Det var Leonhard Jansen som hadde dukka i arkivet i samband med jubileumssendinga under sauesjåmarknaden. No delte han med seg det han hadde funne, og sant å seie var det både interessant og tankevekkande.

1. oktober1992 oppnemnde kulturstyret ei nemnd til å finne ut om folk ville ha nærradio i Valle. Den besto av Olav T. Åkre, leiar, Agnes Haugen, Marianne Berg og Gunnar B. Holen. Dei hadde fem møte og la 11. januar 1993 fram ei utgreiing til kulturstyret som handsama denne på møte 25. februar 1993.

Alt i 1993, bare to år etter at eg kom til Valle, var eg med i ei nemnd som greidde ut spørsmålet om nærradio i Valle. Eg var saman med Ove Berrefjord og Henry Johansen, og vi la fram ei utgreiing til kulturstyret datert 5. november 1993.

Det må ha vore eit hurtigarbeidande utval, for utgreiinga var på plass alt etter to møte. Så vart saka handsama i kulturstyret 16. desember 1993. Dei oppnemnde meg, Theis, Henry og Hallvard Kjelleberg til å føre arbeidet vidare.

Men det var ikkje så lett å kome vidare, mellom anna var det diskutert om vi skulle reise til Bykle og lage programma der. Uansett måtte vi ha sendarar i Valle, dei måtte jo stå ein plass og vi måtte ha pengar for å kjøpe dei. Så det var mange skjær i sjøen før sendingane kunne kome i gang.

Meir om dette i morgon.