Tysdag att

Share

I går sa eg at eg skulle skrive meir om Valle Radio si første tid i dag. Men det får vente, for det er naturleg å skrive om tysdagsprogrammet på måndagskvelden, slik at du som les bloggen, kan vite kva du får høyre i radioen i morgon kveld.

Som vanleg har vi dei faste postane frå starten av sendinga med kåseri av Asbjørn Kvalbein og andakt frå Norea. Norea Mediemisjon har vore ei kjelde vi har kunna ause av til tysdagssendingane heilt frå starten for 20 år sidan. Dei har alltid hatt som policy å støtte nærradio, gjennom åra har det vore mange nærradioar som har fått program inspirasjon frå dei.

Etter sangtimen kjem så ein aktuell time. Der har Siri fått med presten i Valle, Tom Martin Berntsen. Då han starta i haust, heldt han eit innlegg i kyrkja der han fortalde om seg sjølv, og det er dette han vil bruke som grunnlag i radioen i morgon kveld. I tillegg vil ho ha ein prat med Kjetil Glimsdal, ordførar i Grimstad, tidlegare rektor på Bibelskolen i Grimstad og prest. Han vil snakke om Luther og politikk, eit foredrag han hadde sist tysdag i kommunestyresalen i Valle som vi no får smakebitar frå.

Og så kjem Niklos i studio med ein program om Albert de Klerk, den nederlandske organisten som ville vore 100 år 4. oktober 2017.

Tysdag 17. oktober
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
1800 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
1815 Over ein open bibel frå Norea med Harald Avtjern
1830 Sangtimen
1930 Aktuell time, Tom Martin Berntsen presenterer seg og Kjetil
Glimsdal fortel om Luther og politikk
2030 Postludium med Niklos K. Besteland
2100 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com