Husmannsplassar

Share

I kveld snakka Siri Johannessen med Leonhard Jansen om husmannsplassar i Valle. I morgon skal det vere tema på ei samling på Setesdalsmuseet. Dei kallar det sogekafe, folk kjem saman og samtalar om det dei hugsar om eit tema.

Eg visste svært lite om husmannsplassar i Valle, men Leonhard kunne fortelje at det hadde vore 20 husmannsplassar på Rysstad, at folk ikkje hadde arbeidsplikt, men at mange livnærte seg som handverkarar meir enn som bønder på slike plassar. I det heile var det ein interessant samtale, der han også kunne fortelje at staden han bur på, Torvet på Rysstadmo, var husmannsplass i si tid og at folka der livnærte seg av å smi ljåar.

I samtalen kom dei også inn på bygdebøkene for Valle og spørsmålet om dei skulle digitaliserast, slik Heimar og folk i Bykle er blitt. Dei er digitalisert i den forstand at ein kan søkje elektronisk i dei på bokhylla.no, men ikkje med lenker slik ein kan ha i Bykle-bøkene. Han hadde ikkje noko synspunkt på det, noko som vel er naturleg. Etter det eg skjønar, var han aktiv i research, som det heiter, heilt frå 1980-talet, men det er Alfred Ryningen som har skrive bøkene.

Så vi må nok framleis gå vegen om bokhylla.no om vi skal leite digitalt i bøkene, då kan vi ikkje kopiere, men må skrive av, for dei ligg ute som bilete, sjølv om ein altså kan søke i dei.

Det digitale kan vere til stor hjelp, fortalde Leonhard. Det var tale om ei kiste i Hans Henrik Holm-utstillinga på museet, men dei kunne ikkje sjå kven som hadde signert henne. Så tok dei bilete og jobba litt med det i Photoshop, då fann dei initialane til ein mann som vart lokalisert til å vere frå Steinsland i Valle.