Engasjement

Share

I gårsdagens sending i Valle radio hadde Siri ein prat med Astrid Nomeland. Ho er leiar i soknerådet, og laurdag inviterer dei til basar i Valle menighetshus. I samtalen gjorde dei eit poeng av at huset ligg bak fontena med kommunevåpenet i Valle, men kommenterte ikkje at det er huset der det før var eit kors på veggen, men at det vart teke ned då kommunen overtok huset. Om ein kjører rett fram, gjennom fontena, hamnar ein i menighetshuset, men det er ikkje tilrådeleg, fann dei ut.

Basaren er til inntekt for kyrkjelydens misjonsprosjekt, som handlar om å støtte arbeidet til Mamma Maggie på søppelberget i Kairo, det som vert kalla Stefanusbarna. Han startar klokka 12 og det er suppe og eplekake, kaker og kaffe å få kjøpt, plent som det skal vere på ein basar i Valle. Så rullar og går det til klokka 16, då er det ein times program før trekning klokka 17. Astrid meinte at primus motor for arrangementet var organist Henrik West, han er aktiv med mykje meir enn musikk i kyrkjelyden.

Tanken er å heidre Sissa Ringstad, kyrkjesjefen i Valle, for 20 års innsats i kyrkjelyden denne dagen. Og det kan ein altså gjere ved å ha med ei velfylt lommebok og kjøpe mange lodd til inntekt for kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt.