Luthersk kristendom

Share

Denne veka har det, i etterkant av markeringa av reformasjonen sitt 500-årsjubileum, vore ein konkurranse på wikipedia om å skrive om Luthersk kristendom. Det var lærerikt for meg.

Eg tenkte at eg skulle vere med i konkurransen og skrive litt om medlemskyrkjene i Det Lutherske Verdensforbund, det er over 140 av dei. Eg enda opp med å skrive om generalsekretæren i forbundet, han kjem frå Chile, frå ei av dei minste medlemskyrkjene med bare 3000 medlemmer.

Og så skreiv eg om den andre presidenten i forbundet. Han heitte Hanns Lilje, ein tysk biskop som var svært oppteken av ekumenikk. Eg fann eit sitat om han som eg ikkje tok med i artikkelen, sjølv om eg hadde lyst. Det blei sagt at i kyrkja i Hannover, der han høyrde til, ba dei: Gud, du må verne og bevare vår biskop Hanns, som er ute og reiser ein eller annan stad som bare du veit. Det synte seg til og med at eg hadde ei bok av han, den kom ut til 450-årsjubileet for reformasjonen: Martin Luther, en billedmonografi.

Eg har oppdaga at eg bare så vidt har starta på eit svært stort emne. Konkurransen varer ei veke, og deretter kjem det nye emne å skrive om. Men Luther ga ut ei sangbok i 1524, der var salma Av dypest nød jeg rope må. Den fekk eg skrive om, takka vere god hjelp frå leksikonet Kristen sang og musikk, som eg fekk tidlegare i år. Eg burde vel skrive om sangboka også. Det får eg sjå om eg rekk i helga.

Eg vinn ikkje konkurransen, men ein lærer ganske mykje når ein skriv slik, akkurat som eg lærer mykje om Setesdal når eg skriv på Setesdalswiki.