Meir gamalt or Setesdal

Share

Dei fleste i Setesdal veit om bokverket Gamalt or Setesdal av Johannes Skar. No er det mange år sidan det kom ut, det vaar frå 1903 til 1916. Sidan kom det ut ei nyutgjeving i 1961.

I haust las eg i avisa at det er på tale med ei ny bok med eventyra frå Gamalt or Setesdal i ei utgåve på meir moderne nynorsk.

I 2015 kom Olav M. Holen med Meir gamalt or Setesdal 1. Der har han stoff frå Torjus B. Åkre. Og i år kom to bøker til med stoff som Torjus B. Åkre sende inn til Agder Tidend. I Setesdalswiki er omtalen slik:

Meir gamalt or Sætesdal II – Dei gamle er ei bok utgjeve i 2017 av Olav M. Holen (red.). Boka bygger på tekstar av Torleiv B. Aakre(1880-1972) frå Valle. Bind II inneheld det eldste stoffet etter Aakre. Olav M. Holen og Kjell Erik Guddal har samla stoffet og tilrettelagt det for utgjeving i bokform. Leonhard Jansen ved Setesdalsmuseet har vore biletredaktør. Boka er utgjeve på Bokbyen Forlag. Ho har 342 sider. Pris: 348 kroner. ISBN: 978-82-8316-052-9

Ein ekstra dimensjon ved boka er at mange gamle dialektord og uttrykk er forklart i teksten. Dette har forfattarane kunne gjere med utgangspunkt i den store ordsamlinga til Birgit K. Rike.

Boka høyrer saman med Meir gamalt or Sætesdal III om Valle min heimstad, der resten av stoffet etter Torleiv Aakre er samla.

Flotte jolegåver, alt samen.