Frøyrak-spel og ymist anna

Share

I går skreiv Geir om korleis han kom borti Frøyrak-spel, og korleis det vart artiklar på Setesdalswiki knytt til dette. Eg siterer:

Det er tusenvis av menneske ein kunne skrive litt om på Setesdalswiki, både nolevande og døde. Eg har verken kunnskap nok eller kapasitet til å få til så mykje av det. Men av og til syns eg det er moro å fordjupe meg litt i ei eller anna historie. Av heilt tilfeldige grunnar kom eg her om dagen til å kikke litt i jubileumsboka til Setesdal Spelemannslag. Ho er skrive av Gunnar Lande, og med Hallvard T. Bjørgum som medforfattar. I boka er det eit kapittel om «Ætter i Bygland», mellom anna «Frøyrakane». Ein av Frøyrakane, spelemannen og gardhandlaren Eivind Grundeson Frøyrak/Aakhus/Kallhovd blei etter kvart busett på Kallhovd, i mi eiga heimbygd Hornnes. I gards- og ættesoga for Hornnes er det slik ei fornøyeleg historie om korleis Eivind Frøyrak skal ha «stole» kona si Anne. Den aksjonen skal han ha vore veldig nøgd med i ettertid. Når eg då alt hadde lese litt om han, passa det fint å skrive ein liten artikkel om han også. Så ligg artikkelen der, og eg kan utvide han om eg ved eit seinare høve finn tak i fleire opplysningar. På dette viset er Setesdalswiki blitt ei fin kjelde for meg til ny kunnskap om heimbygda mi og Setesdal i det heile. Eg har frå før praktisk talt ingen kjennskap til spelemannstradisjonane i dalen. Men no veit eg faktisk at det var nokon som blei kalla for «Frøyrakane», etter garden Frøyrak i Bygland, og at dei var grunnleggjarane av «Frøyrak-spelet».

I går var det også ein artikkel om folkemusikk i Fædrelandsvennen. Den kom i samband med at dei skreiv om lanseringa av ei ny plate innan sjangeren verdensmusikk, basert på musikk frå Setesdal. Eg laga ein artikkel om dette forskningsprosjektet på UiA, Music Without Borders. Dermed vart det mykje i den sjangeren i dagens liste over nye artiklar på Setesdalswiki, for i dag har det ikkje kome nye artiklar, vi har bare fiksa litt på ting som alt var der.