Om posten og aviser

Share

I kveld var det Ronny Stavsholt som var ansvarleg for sendinga i Valle Radio. Eg var oppteken med andre ting, så eg fekk den ikkje med meg, men eg hugsar at før Ronny begynte å jobbe på Bykle Vindu, jobba han i posten i Valle. Den som kjører rundt post, blir godt kjent i bygda, så han hadde godt grunnlag for å bli med som radiomedarbeidar. I tillegg er han rå på musikk, særleg blues, så når han er i studio, er det mykje fin musikk for bluesfolk.

Her er programmet hans:

Program onsdag 06.12.17
Ansvarleg Ronny Stavsholt
Teknikar Torhild Sandnes
Telefonvakter Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft
19.00 Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer med Torunn Charlotte Nyberg
20.00 Ronnys time
-Smånytt og endel om UFO og religioner basera på dette.
21.00 Opi sending med rebusar og musikk.
#valleradio
NETTRADIO: live.valleradio.com:8000/live

Korleis høver det eg skreiv her med overskrifta? Det høver ikkje, eg må kome vidare. Det er ei kobling.

I går snakka Siri Johannessen med Sigurd Haugsgjerd og kom inn på kva som vil skje med Setesdølen om posten sin distribusjon blir lagt om frå nyttår. Sigurd visste ikkje noko om det, men det er planar om at aviser skal bruke to dagar på å bli omdelt av postverket. Torsdagsavisa vil kanskje kome først på måndag. Det er ikkje særleg nyhetsvennleg, så andre aviser syner til at ein kan finne det meste på nettstaden om ein loggar inn, det høyrer med i papiravisabonnement å også få digitalt abonnement.

Men Setesdølen er bare papiravis, så dei har problem. I ein artikkel i Nettavisen stod det at planane er på sikt å kanskje bare ha omdeling av post ein dag i veka. I Danmark startar dei det frå nyttår.

Eg trur Ronny gjorde lurt i å begynne på Bykle Vindu og ikkje satse på karriere i Postverket. Det var koblinga. 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *