Tysk orgelkunst og orgelkultur

Share

Den som høyrer på Niklos K. Besteland i tysdagssendingane på Valle Radio kan ikkje unngå å legge merke til at han i særleg grad er oppteken av tysk orgelkunst og orgelkultur. Tysdag var tre av fem komposisjonar for advent, som var temaet hans, laga av tyske komponistar:

  1. Andreas Hammerschmidt (1611-1675): Machet die Tore weit. Motett for 6-st. kor. Thomanerkoret i Leipzig, dirigent Hans-Joachim Rotsch
  2. Dietrich Buxtehude (1637-1707): Nun komm, der Heiden Heiland. Orgelkoral BuxWV 211. Piet Kee på orgelet i Roskilde domkirke
  3. Gottfried August Homilius (1714-1785): Machet die Tore weit. Motett for 4-st. kor. Stuttgart kammerkor, dirigent Frieder Bernius

Om vi gjekk gjennom alt han har spelt, er eg nokså sikker på at minst halvparten er tysk. Difor høver det godt å fortelje på bloggen i kveld at nettopp denne musikken og orgelbyggingstradisjonen i Tyskland no frå desember 2017 er kome på UNESCOs verdensarvliste. I grunngjevinga heiter det (på bokmål):

Orgel- og orgelmusikken har formet musikklandskapet og instrumentproduksjonen i Tyskland i århundrer. Orgelbygging og orgelmusikk er nært knyttet, da hvert instrument ble laget spesielt for det arkitektoniske rommet der det spilles. Den høyt spesialiserte kunnskapen og ferdighetene knyttet til praksis er utviklet av håndverkere, komponister og musikere. Det er i dag rundt 400 mellomstore orgelbyggingsforetak i Tyskland, samt noen større familieverksteder. Lærlinger oppnår praktisk erfaring og teoretisk kunnskap i bedrifter, yrkesskoler, universiteter og musikkakademier. (Sitert frå Wikipedias artikkel om dette)

Folkemusikken frå Setesdal er ikkje på denne lista enno, sjølv om vi jo veit det blir arbeidd med det. Men neste gong du høyrer Niklos i Valle Radio, kan du tenke litt på at han i 20 år har promotert musikken som no er komen på verdsarvlista.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *