Liv andre har levd

Share

Eg har vore medlem av Den norske bokklubben i svært mange år. Eg prøver å vere flink til å avbestille, slik at ikkje huset skal bli så mykje meir fylt med bøker. Som oftast går det godt, men nyleg dukka det opp eit brev i innboksen om at ei ny bok var på veg.

Vi sukka litt, både Reidun og eg, over at eg hadde vore for sein denne gongen, men sjølv om eg kjøper så lite at klubben ein gong prøvde å få meg til å seie opp medlemsskapet, så held eg fram. Heller ikkje denne gongen sa eg opp.

Boka kom og vart liggjande nokre dagar, men så tok eg ho fram: Edvard Hoem: Liv andre har levd er ikkje ei tynn flis av ei bok, nei, mest 500 sider må til får å fortelje om livet til Eilert Knudtson på prærien i Canada. Han kjempar mot myndighetar og klima og byggjer ein heim som korndyrkar, dels på leigd og dels på eigd jord. I eit etterod fortel Hoem at utgangspunktet frå boka er korrespondanse Eilert hadde med styresmaktene om leige av eit areal og betalinga for dette. Det gjev perspektiv på kampen han førte i mange år.

Ein roman basert på slekta og verkelege personar, det er jo ei utfordring, og mot slutten opplever eg nok at det går noko tregt, boka fylgjer hovudpersonens liv til han døyr, og dei siste åra er ikkje så innhaldsrike som den første tida. Men slik er jo livet. Og så knyter ein trådar fram og tilbake mellom Norge og Canada. Hendingane er i stor grad i tida før forfattaren vart fødd, men på slutten av bok, kjem også han inn i fortellinga. Då er det også allusjonar til Mors og fars historie, ei anna av Hoems bøker, som ikkje går inn kronologisk i slektskrøniken etter Slåttekaren som vart skildra i Slåttekar i himmelen.

Å lese ei bok der gudstru er så sterkt vove inn i livet til personane som vert skildra, er sjeldan. Men det er gjevande og realistisk korleis han kvelvar ein himmel over livet til så mange av dei som er omtalte i boka. Sist i boka er det også eit slektsregister over alle personane som på ulikt vis er knytte til og etterkomarar av slåttekaren Nesje.

Det var eit feilkjøp som var vel verd å gjere!

Program på boks

Share

Kveldens program i Valle Radio var laga på førehand. Difor var det kanskje ikkje heilt rett då radioen på facebook sa at Siri Johannessen sit klar med sending. Kven det var som sette i gang det heile, veit eg ikkje, men eg reknar med at dei som førebur påskesending var på plass og kunne få programmet på lufta.

Eg har huset fullt av påskefolk og då høver det ikkje så godt å pleie min særinteresse for Valle Radio, men eg var innom og fekk med meg litt av intervjua ho hadde med Jon Rolf Næss og Leif Rygg Langerak. Begge hadde lagt bak seg kommunestyremøte før påske og fortalde om aktuelle saker frå sin kommune.

Det er nok mest aktivitet i Bykle i påska, etter det eg såg ein plass, aukar folketalet på 1000 til om lag 20.000 i påska, så då er det nok stor aktivitet. Jon Rolf sa at om han skulle ta for seg alt som skjedde, måtte han nok ha meir tid i radioen enn han hadde. Mykje handlar om friluftsliv og aktivitetar i skibakken og skiløypene.

Ordføraren i Bygland hadde fått sitt første lam, noko som ikkje er så høveleg når det framleis er lenge til grøne vollar. Men slik går det når sauene går ute saman med ein ver, då kan ein ikkje alltid få planlagt kva tid lamma kjem.

Til slutt i kveldens aktuelle time var Ørnulf Hasla med og fortalde om påskesendingane skjærtorsdag og 1. påskedag. Det fekk eg ikkje med meg.

Foto: Britta Lise Homme

Siste tysdag i mars 2018

Share

Så er vi komne til siste tysdag i mars 2018. Då eg hadde ansvar for tysdagssendingane, hadde eg påskeferie i den stille veka, men det har ikkje Siri Johannessen, som har sett opp dette programmet:

Tysdag 27. mars
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Ei vandring gjennom påskeveka med Tom Martin Berntsen
18.30 Sangtimen
19.30 Aktuelt frå Bykle kommune med Jon Rolf Næss, om Bygland kommune med Leiv Rygg Langerak og om påskebasaren i Valle radio med Ørnulf
Hasla
20.30 Postludium med Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Ei flott liste

Share

Arbeidet med å samle gevinstar til påskebasaren er stort og omfattande. I dag la Valle Radio ut gevinstliste på Facebooksida si og skreiv dette:

Vi er like overvelda kvart år over gjevargleda frå alle som er med på å lage ein stor og flott radiobasar.
Hovedsponsorane i år er Circle K Rysstad og @Møbelringen Sørlandsparken. I tillegg har fått gevinstar frå mange andre verksemder. TUSEN TAKK til alle!
Du kan allereie no kjøpe lodd (10,- stk.) Bare send namn og adresse på SMS : 98030310, eller på mail post@valleradio.com , eller kjøpe lodd via VIPPS. Alt vi får inn på loddsalet går til drifta av vår dugnadsdrivne lokalradio. Her kan du sjå kva du kan vinne (dette er den siste oppdatera lista)
VALLE/RYSSTAD
Valle Radios hovedgevinst: Setesdalsbunad, herre eller gåvekort 30.000,- (hjå våre faste sponsorar)
Setesdal Husflidssentral – 2 Gåvekort a kr. 500
Løyland Byggjeservice – Gåvekort kr. 500 , nyttast på Odde Sagbruk avd. Valle
Hasla – 2 Gåvekort a kr. 500
Coop Marked Valle – 2 Gåvekort a kr 500
Setesdalsbygg – 2 Gåvekort a kr 500 – nyttast på Odde sagbruk avd Valle
Joker Valle – 2 Gåvekort a kr 500
Valle Landbrukssenter – 2 gåvekort a kr 500
Valle Sport – 2 Gåvekort a kr 500
Esso Valle – 2 Bilvask (valgfri)
KK Thai kafe» & take away – 2 Gåvekort a kr 500
Aarli Hudpleie – 2 Gåvekort a kr 500
Åmli Klipperi – 2 Gåvekort a kr 500
Valle Bil & Maskin – EU-kontroll 2 stk a kr 800
Setpro avd Valle – 10 sekker ved (60 liter)
Setesdalsbygg – 2 Gåvekort a kr 500, nyttast på Odde Sagbruk avd. Valle
Systog Dale – Gåvekorg – mat – verdi kr 500
Straume Håndlaft – Bålpanne – verdi kr 2000, hentast hjå Odde Sagbruk, avd Valle
Coop Prix Hylestad – Gåvekort kr 500
Rysstad Laftebygg – Gåvekort kr 3000, valfri stad
Bjørgulv Bjørgum – skotersko – verdi kr 3000
Kvisle Eigedom–Gåvekort kr 500, nyttast på Coop Prix Hylestad
Heimigard Rysstad – 1 stk fenalår
Bergsam,Olav Berg- Gåvekort kr 1500 – nyttast på Hylestad Auto/Vidar Helle
Uppstad VVS v/Geir Uppstad- 4 stk varmepumpe service a kr 1800 (strekn. Valle – Bygland)
Brokke Eigedom, Sven Magne Brokke- Gåvekort a kr 1000. Nyttast på Coop Prix Hylestad eller Coop Marked Valle
Sølvgarden Hotell og feriesenter – 2 x 2 dagens middag
Knut Hovet Installasjon – Olav Hovet , 2 stk el. kontroll (â kr 2500,-)
Tveitebø Anlegg – 2 Gåvekort a kr 250, nyttast hjå Joker Valle
Valle Motell – 2 Gåvekort a kr 400

BYGLAND/ EVJE 
Evje Glass Service 2 stk. gåvekort à 1000,-
Evje Optikk Synsundersøkelse verdi 595.-
Setesdalstrykk Damejakke verdi 457,-
Intersport Evje Gåvekort 500,-
Fargerike Evje Gåvekort kr 400
Databutikken Evje Gåvekort kr 500,-
Dekkomsetning – 4 stk. gåvekort â 300,-
Norli bokhandel Evje- 2 stk kokebøker (à199,-)
Sylvsmed Gunnar Helle, Evje Gåvekort kr 500
Sylvsmed Gunnar Helle, B.fjord Gåvekort kr 500
Pernille Kafe- Kjøttkakemiddag liten m/kaffe x 4
Tip Top Burger og sånt- Snadderloff m/kjøttdeig x 4
Coop Marked Ose – Gåvekort 500,-
Atelier Mona Ida, Bygland – Gåvekort 1000,- og 1 pk. kort til 200,-
Floriss Evje Gåvekort 200,-
Oasen Blomster Evje- Gåvekort 100,- x 5
Lars Kile, Evje – Gåvekort 500,- (brukast innan 2018)
Spisekroken Evje- 3 stk.gåvekort lunsj m/drikke
Europris Evje- Gåvekort 500,-
Glashytta, Bygland- Gåvekort 500,-
Grimstad Trykkeri- 1 vinterjakke og 2 stk hodelykter
Setesdølen 1 års abonement
Refsnes hotell 1 stk. gåvekort Sundagsbufé for 2 pers. (innan 2018)
Setesdal Hotel: 2 gåvekort a 500 kr ifrå Setesdal Hotel nyttast innan 2018
Sørlandets Countryfestival – Evje 2018:
4 billettar til onsdag 27.6. på Sørlandets Countryfestival – Evje
4 billettar til Bellamy Brothers konsert på torsdag 28.6. på Sørlandets Countryfestival
2 billettar til fredag 29.6. på Sørlandets Countryfestival – Evje
2 billettar til laurdag 30.6. på Sørlandets Countryfestival – Evje

BYKLE/ HOVDEN
Bykle Vindu – Gåvekort 1000,- (brukast på Valle landrukssenter)
Bykle Maskin v/Arvid/Falck/NAF/Viking- 2 stk Oljepakker á 1000 og 2 stk. tursekker
Bykle Bygg – Gåvekort 500,- (brukast på Odde Sagbruk avd. Valle)
Coop Marked Bykle – 1 stk Skogstad dunjakke for barn ( 599,-)
Bykle Hotell – 2 gåvekort sundagsmiddag for 2pers
Hovden Hytteservice – 1 lass grus, levert i Valle eller Bykle kommune
Hovdehytta – Week-end opphald i 5 sengs leiligh. (innan 20.des-18)
Fjellgarden Hovden – 2 stk. gåvekort á 250,-
Coop Extra Hovden – 2 stk gåvekort à 250,- (bytast med verdikupong i butikken)
Hovden Badeland – 1 dagskort for 2 vaks. og 2 barn + 3 dagskort for 1 pers.
Hovden Sport- Gåvekort, pelslue 600,- og Twentyfour ulltrøye (L) 500,-

 

Kåre Rike har gjordt det enkelt for deg dersom du er ny på VIPPS  
Sjå her:
https://www.youtube.com/watch?v=TXOpgW51uUc

Bleke røykt i Bjoren-pipa

Share

I vind å regn kan her vere hustre,
å vetredagjen då æ her gruste.
Men skine soli frå himlen blå,
æ her ingjen venare sta å sjå.

Særleg må det gjelde når ein er på tur med Bjoren på fjorden. Den turen har eg aldri fått ta, og det er klart at det hadde vore flott å få oppleve.

Om eg då kunne ta med meg 12 bleker, ferdig renska som har lege i  tre timar med einerkvistar i buken i ei blanding av sukker og salt, og så hekte dei saman på ein ståltråd etter at saltetblandinga er kosta bort, og så hengt i eit kvarter i pipa på Bjoren. Med smaksett rømme og fisk i lefse kan eg godt tenke meg at det ville vere eit festmåltid. 12 bleker ville nok vore litt mykje, men på den andre sida kan ein jo dele med andre passasjerar.

Oppskrifta har eg frå side 146 i Setesdals kulinariske skattkammer av Rune, Margit og Moi. Den boka bør nyttast når påskemenyen skal lagast anten ein er på fjellet eller i byen. I tillegg til matgleden den inspirerer til, er det mykje kosteleg kulturhistorie å få med seg.

Itt snjoren brånar

Share

Det er nok litt tidleg å kome med diktet nedanfor om ein skal døme etter all snøen denne påsken. I dagens Fædrelandsvennen var det eit Setesdalsbilag som dokumenterte at det har vore nok av snø i vinter, i det minste i Evardalen. Men då høver det godt med desse steva:

Hev du sett dalen itt snjoren brånar,
å bekkjin fysse å markji tånar?
Hev du høyrt Otra i dundr å dur,
inni gjel å juv, unde fjell å ur?

Hev du kjent vårgusten kinni kjæle,
itt allting vaknar i sol å sæle.
Nei alli by eg den heimen fal,
du min djupe, draumrike Sætisdal.

Hev du sett dalen i brurebuna,
mæ trei laver av blom i kruna?
Å engji ligg der i blomeflor,
som eit tæpe sveipt av ei kjærleg mor.

Hev du høyrt gaukjen på hægste tinda,
å fuglekvitret frå res å rinda?
Hev du kjent sommårens kjælne hand,
vi du sitje bunden mæ dyre band.
Jon Bjørgulvsson Rysstad (1877-1966)

Postludium

Share

Tysdag 20. mars 2018 hadde Niklos K. Besteland laga eit program med barokkmusikk frå Tyskland. Denne gongen var det eit reint orgelprogram:

  1. Georg Muffat (1653-1704): Toccata i C-dur. Walther R. Schuster på orgelet i Stefansdomen i Passau
  2. Johann Pachelbel (1643-1706): Fuge i A-dur. Wolfgang Stockmeier på orgelet i Limburger Dom
  3. Vincent Lübeck (1654-1740): Preludium og fuge i E-dur. Hans Helmut Tillmanns på orgelet i Eichstätter Dom
Eichstätter Dom. Foto: Unteroktav at tysk Wikipedia

Kort møte

Share
Veggtepet i kommunestyresalen i Valle. Foto: Britta Lise Homme

Vi brukar å ha overføring av møte i Valle kommunetyre. Det tek til klokka 18. I dag klikka eg meg inn for å høyre på nettet klokka 18.09, då var det musikk, så eg lurte på om det var gruppemøte. Men litt etter var sendinga slutt.

Eg kommenterte dette på Valle Radio si facebookside. Då fekk eg svar at det hadde vore slutt klokka 18.08. Det må ha vore eit av dei kortaste kommunestyremøta i historia.

Dei handsama tre saker, alle vart samrøystes vedtekne etter slik innstillinga var. Ei av sakene var at dei skulle velje representantar til regionrådet. I utgangspunktet skulle dei bare velje ei kvinne, men sp kravde Senterpartiet forholdstalsval, det ville gje dei den tredje representanten. Valkomiteen ordna det då slik at dei to som sit der no, ordførar og varaordførar, vart attvalde, og så kom Margit Dale inn som kvinna frå Valle kommune.

Dei andre kommunane gjorde unna valet for mange veker sidan, så eg hugsar ikkje kven det var som vart valde frå kommunane sør i dalen, men i Bykle valde dei Venstre-kvinna Tone Lise Avdal.

Fasteaksjonen

Share

I fjor var jeg sjåfør for Reidun da hun gikk på innsamling i fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. I år passet det ikke slik, så hun måtte ta turen alene.

Ettersom det ikke hadde stått noe særlig i lokalavisa Lindesnes om dette, tenkte jeg at jeg kunne hjelpe henne litt med å legge ut litt informasjon på Facebook om at hun og flere andre skulle komme i nabolaget vårt. Dette gjorde jeg så tidlig at folk kunne ha penger klar når hun kom en gang etter klokka 17.

Hun var tilbake etter en hyggelig tur et par timer senere. Flere av de hun besøkte hadde sett det jeg skrev og sørget for å ha kontanter klare. I denne kort-tiden, hvor vi i mindre grad enn før har kontanter hjemme, var jo det hyggelig både for giver og mottaker.

I tillegg fikk hun en hyggelig prat med flere av de hun møtte. I et hus med små barn kom også barna og la penger på bøssa. Slik sett opplevde hun et nabolag på beste måte. Forhåpentligvis ga det også resultater i form av støtte til arbeidet med å skaffe drikkevann i områder hvor tørke og vannmangel har slått til så vel som til katastrofehjelp. I Mandal er vi jo privilegert i så måte, vi har det som kanskje er Norges beste drikkevann rett fra springen. Når vi som har overflod av drikkevann også kan dele litt av godene med andre, må det være positivt for alle parter.

Takk til folka i Omland bygdelags område som stilte opp for en god sak. En sjekk på siden for innsamlingen viser at man til nå har fått inn vel 30.000 kroner i Holum menighet, men det er ikke innrapportert noe fra Mandal menighet ennå. I morgen vil man sikkert kunne gå inn der og se resultatet.

 

Snart påske

Share

Før påske er det mykje som må ordnast i Valle Radio. Påskesendingane har sine eigne reklamar, og dei skal spelast inn og vere klar til sendingane. No er det bare vel ei veke att, så brakar det laus. I kveld var det styremøte og planlegging.

I morgon er det Siri Johannessen som igjen er på plass med tysdagssending.

Tysdag 20. mars
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel frå Norea
18.30 Sangtimen
19.30 Aktuelt med Gunstein Draugedalen, Henrik West og Valle Sentrumsforeining
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 21. mars
Teknikar: Jørund Georg Jore
18.00 Kommunestyremøte i Valle kommune

NETTRADIO via http://www.valleradio.com