Klango

Share

Valle Radio sine tysdagssendingar har i lang tid hatt sangkveld på programmet. Her har vi fått høyre stort sett kristen sang i bedehustradisjonen, noko som eg trur mange fleire enn eg set pris på å høyre.

I den tida eg hadde ansvaret for sendingane, kunne eg endåtil spele ei heil plate med same utøvar, noko som sikkert var kjedeleg for lyttarane, sjølv om det var lettvint for meg. Eg tenkte at det ofte er slik at ein set på ei plate på grammofonen (CD-spelaren i nyare tid) og let den gå til ho er slutt og så bytter ein til ei ny.

Siri har lagt meir arbeid i desse programma og har ofte sett saman fine og tematiske program som har vore gode å høyre på. I kveld fekk ho hjelp av Erling Drøsdal sitt program Klangohalvtimen.

Klango var eit kristent plateselskap knytt til pinserørsla. Det vart etablert i 1959 og ga ut om lag 440 plater før det ga seg i 1991. Han har difor nok å ta av når han lagar program, Erling Drøsdal. Og det er mange kjente folk å høyre der også, Kjell og Odd, Evie, Einar Egberg og mange andre. Trykk på lenka øvst i avsnittet og les meir på Wikipedia.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *