Koseleg kveld

Share

I kveld hadde Bjørgulv T. Berg ansvaret for Valle Radio. Han er ikkje lenger fast med i radiogjengen, men steppa inn i kveld som vikar for Siri Johannessen, som var på reisefot.

Kvelden starta med andakt av Torfinn Brokke, men så kom Bjørgulv inn til samtale med Kjersti Torbjørnsen. Bibliotekaren gledde seg til nytt bibliotek i Valle og lova mykje aktivitet når nybygget står ferdig, sjølv om det fører til at filialen på Rysstad blir lagt ned.

I Bjørgulvs time snakka han først med Bjørn Ropstad, som får 30 nye innbyggjarar til Evje og Hornnes når Hovlandsdalen blir flytta frå Birkenes til hans kommune. Det var etter ønske frå dei sjølve og einaste endring i Aust-Agdere i samband med kommunesamanslåingar i denne runden. Praten gjekk lett mellom dei om presset distrikta opplever når det gjeld sentralisering og korleis arbeidsplassar i distrikta er viktig, men likevel opplever å slite; folk vil bu i sentrale strok, verkar det som.

Neste gjest i programmet var Anne Liv Lidtveit i Valle IL, ho snakka både om Sesilåmi og om årsmøtet idrettslaget skal ha i morgon. Alle valg var klare, folk kunne kome til Sølvgarden utan å risikere valg, meinte ho, som også var svært nøgd med årets utgåve av Sesilåmi: Mykje folk og fint ver.

Eg skulle tru at det ville kome eit halvt hundre fleire til astroshow i Hovden grendehus i morgon klokka 19 etter å ha høyrt Knut Jørgen Røed Ødegård og kona Anne Mette Sandnes sprudlande fortelje om heis ut i verdsrommet og andre science fiction-liknande løysingar som kjem nærare og nærare.

Så vart Bjørgulvs time avslutta i prat med Kristen Bråten Berg om initiativet som no er teke for å ta vare på sangskatten vår og om det at folk ikkje syng lenger. Det vil vere ille om denne trenden held fram.

Kvelden heldt fram med opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike i studio. Dei sprudla også slik dei pleier til countrymusikk og rebusar. Vinnarane i kveld vart Kristian Thaule, som fekk gåvekort på 500 kr. frå Joker Valle, Gunveig Viki, som fekk radiokrus og Gyro Kopperud og Signe Rysstad, som fekk flax-lodd.

Foto: Brit Obrestad

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *