I gang att

Share

29. mars gjekk Setesdalswiki ned. Det var påskeferie og først nå i kveld kunne vi få starte opp att serveren. Den står i Oslo, men Helge, som styrer det tekniske, var i Mandal. Vi tenkte litt på om vi skulle sette oss i bilen langfredag og ta turen til Oslo, men fem timar fram, og så fem timar tilbake, det vart i meste laget.

Maskinen som gjekk ned, har ikkje hatt slike tendensar før, så vi vonar det var eit eingongstilfelle og har ikkje heilt funne ut kva som var årsaka. Men det var jo surt, for vi veit at mange nyttar nettstaden kvar dag. Med så mykje ekstra folk i Setesdal som det var i påska, hadde nettstaden kan hende fått ekstra mange besøk. I snitt var det likevel 532 besøk kvar dag i mars. Om vi hadde fått med oss dei siste dagane, hadde vi kanskje klart same snitt som februar, då var det 660 som besøkte Setesdalswiki kvar dag. Nå blir også april med nesten to dagar i manko, så statistikken vil vere litt ujamn når det gjeld desse månadene.

Å drive ein godt besøkt nettstad på slik dugnad, då må ein nok rekne med at ein ikkje kan vere oppe heile tida. Likevel meiner eg at det er bryet verd å halde fram vidare. Så får vi håpe at vi unngår nedetid i framtida og heller gjere vårt beste for at den blir så kort som råd om det skulle skje igjen.

Foto: Britta Lise Homme