Med liv og lyst

Share

I dag gjekk første del av Setesdalskonferansen av stabelen. Eg har vore på alle desse arrangementa sidan 2009, det var jo der ideen om Setesdalswiki vart lansert. Men denne gongen valde eg å vere heime. Når snøen endeleg er borte, siste rest forsvann i hagen vår i går, frista det ikkje å reise til fjells sjølv om dei seier at snøsmeltinga går i rekordfart.

Men i tankane har eg vore på Hovden grendehus det meste av dagen. Difor var det ei glede å høyre Svein Sundsdal på lokalsendinga klokka 18.50 rapportere frå konferansen. Han lova også oppfølging klokka 20.55, og han dukka opp både der og klokka 23. Begge gongene handla det om at Helga Arntzen fekk Setesdalsprisen for 2018.

Mine gratulasjonar går til henne. Ho er 76 år og hadde kan hende tenkt å gje seg litt med satsinga i Setesdal. Men i går fekk ho ein million frå Innovasjon Norge til å bygge ei spa-avdeling på Revsnes. Og så fekk ho Setesdalsprisen i kveld. Då måtte ho bare halde fram. Begge desse hendingane ga energi, og energi får ein ikkje så lett, sa ho, så den må ein ta vare på og bruke positivt.

Eit slikt utsagn høver godt på ein konferanse med motto: Med liv og lyst!

Programmet for konferansen er endra litt i høve til opprinneleg program, i morgon kjem Arthur Buchardt med sitt foredrag, det skulle ha vore i dag. Men å ha det beste til slutt, det er eit godt prinsipp.