På avstand

Share

Etter å ha vore engasjert i Valle Radio i 20 år, fylgjer eg no aktiviteten på avstand. Det er ikkje like enkelt å henge med når ein bur i Mandal og ikkje lenger går opp trappene i radiohuset, sjølv om ein kan kople seg på via internett og få med seg sendingane når det høver slik.

I dag fekk eg med meg slutten av samtalen Siri Johannessen hadde med organisten Ivar Mæland, som skal ha konsert i Valle kyrkje i morgon kveld klokka 19.30. Her fekk vi høyre eit vakkert samspel med hardingfele og orgel i stykket Den ny tid. Det var fascinerande musikk.

Etter prat med organisten kom ein prat med presten Kristine Borgen, vikarprest i Bygland for tida. Ho hadde ei spesiell livsreise bak seg før ho vart prest, interessant møte var det. Så flytta Siri seg til Bykle og vi fekk høyre om eit musikkprosjekt på skulen på Hovden før bibliotekaren i Bykle fortalde om lesesirklar og anne bibliotekrelevant stoff.

Denne kvelden var det Siri som hadde funne musikk til Postludium. Frescobaldi var eit kjent namn, men Henri du Mont hadde eg ikkje høyrt noko av før, og hans motettar var fine, særleg Laudate dominum og Alleluja 

I morgon blir det meir musikk i Valle Radio, for då har Ørnulf Hasla fått med seg Kim André Rysstad, nyutnemnd Setesdalsambassadør. Han blei overraska då den utmerkinga kom på Setesdalskonferansen sist veke.

Onsdag 18. april

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt: Ingeborg Åkre Løyland

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Torleif Homme
20.00 Aktuell time ved Ørnulf Hasla
Med nyutnemnd Setesdalsambassadør Kim André Rysstad og presentasjon av plata Hallvardson gjer Kristofferson med Vidar Frøysnes
21.00 Opi sending med Jorunn og Kåre