God lokalradio

Share

Kveldens sending i Valle Radio var det eg vil kalle god lokalradio. Etter Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki kom Steinar Kyrvestad i studio og hadde informasjon frå Valle kommune. Som oftast er det administrative folk som har denne posten, og Steinar var klar over at hans rolle som ordførar er litt annan enn når dei kjem, men det var ein hyggeleg prat om ulike saker som kommunen er oppteken av.

Så kom den aktuelle timen, og då fekk vi vere med på Setesdalsmuseet og feiringa av 1. mai. I dagens mediekjør har vi høyrt små snuttar av kva talarar har sagt rundt om i landet, kan hende opp til eit halvt minutt. Men her fekk Jon Rolf Næss halde heile talen sin utan at nokon braut han av. Han hadde ein innhaldsrik tale som nok mange i distrikta kunne skrive under på store deler av.

Då han var ferdig, kom Leonhard Jansen på talarstolen. Han hadde vore i gamle protokollar og funne ut at i 1919 tok Arbeiderpartiet alle plassane i kommunestyret og lurte på om det kom til å skje 100 år etterpå. Grunnen var at det ikkje var forholdstalsval, men fleirtalsval. Det var vel einaste gongen det vart halde fleirtalsval på dei hundre åra, trur eg. For oss som bare har høyrt om læraren Tarald Nomeland, var det interessant å høyre meir fyldig om han som politikar også.

At kvinna som vart vald inn etter krigen, bare sat ein periode og ikkje ville sitje ein periode til med stabeisane, var ei av dei morosame anekdotene han trekte fram.

Til slutt var det opi sending med rebusar eg hadde laga. Difor kunne eg ikkje ringe inn i kveld. Vinnarar av gåvekort vart Pål Dale, Signe Rysstad og Jorunn Lund Harstad.