Valletunet

Share

Då Valle Radio starta, heldt vi til på loftet i det gamle kommunehuset. I etasjen over der eg seinare var lærar på Valle Vaksenopplæring var det trongt og kummerleg, men vi kom i gang og synte at prosjektet var liv laga.

Etter eit år, trur eg, kunne vi så flytte ned i Valletunet. Der fekk radioen plass i andre etasje på eit av dei fire husa i tunet, det var eit råbygg som vart innreidd på dugnad av dyktige folk som laga eit lokale vi har hatt glede av til denne dag.

I Valletunet heldt Posten og Politiet til i to av husa, Husfliden og Turistinformasjonen i det tredje, men eg hugsar ikkje kven som først var i første etasje i vårt hus, eg er ikkje sikker på om skulepsykologen kom dit først.

Denne veka las eg i Setesdølen at det nye bygget der det skal kome Prix-butikk, vert kalla Valletunet. Eg måtte google litt då eg las det, framleis står Bykle og Valle lensmannskontor med adresse Valletunet, så eg er ikkje heilt på viddene i minnet mitt.

Difor lurer eg på om eit nytt bygg bare kan ta eit gammalt namn eller om nokon har gløymt historia i Valle sentrum?

To av bygga i Valletunet. Foto: Britta Lise Homme