Gamle bøker

Share

I går såg vi gjennom eit par posar med gamle bøker. Skulle vi behalde dei, eller skulle vi levere dei til nokon som kan hende kunne gjere seg nytte av dei?

Det enda opp med at eg ville ta vare på ein pose og la ein annan pose gå. Men så kom eg på at eg jo kunne sjå om eg fann noko på nettet om forfattarane, kan hende var det aktuelt å lage ein artikkel på wikipedia om ein av dei.

Dermed kom posen med bøker som skulle ut av huset inn att. Ein av forfattarane var domprost Hans Høivik, han hugsar eg frå tida vår i Bergen, der han overtok i domkyrkja etter Per Lønning. Så det blei ein liten artikkel om han.

Deretter dukka Anna Dyken opp. Ho skreiv ungdomsbøker som kom ut på Lutherstiftelsen. Travel tid for Trinselire kom i 1970. Men eg har eit problem i og med at forfattarnamnet ikkje er å finne i Wikipedia frå før, så eg har inga rød lenke å gå ut frå, og då blir artikkelen foreldrelaus, og det er ikkje positivt. Difor har eg ikkje skrive den ennå.

Ein annan forfattar som dukka opp, var Felix Nabor. Det synte seg å vere eit pseudonum for ein tysk forfattar som har gitt ut mange bøker, men heller ikkje han har rød lenke på norsk Wikipedia, så også den må eg tenke litt på før eg finn ut korleis eg skal kople artikkel saman med resten av stoffet.

Slik sit ein no og funderer på små og store ting medan Tour des Fjords rullar over skjermen. Det vart visst ein utlending som vann i dag også. Men i morgon er det nye sjansar for både  nye stjerner og gamle bøker.