Fødselsdagar i fleng

Share

I min familie hopar det seg opp med fødselsdagar no i mai. Den store samlinga av dagar er for øvrig over, men vi har vore i gratulasjonskø omtrent dagleg siste veka.

Facebook gjev høve til å gratulere med dagen til venner som har oppgitt dagen til nettstaden, då kjem det ei påminning, så om ein er innom, er det enkelt å sende ei lita helsing. Nokre gonger er det flott, for då hugsar ein folk ein elles ikkje ville ha fått med seg. Men av og til tenkjer eg at ein nok kunne vore meir aktiv og teke ein telefon i staden for å sende helsing digitalt.

Etter kvart har Setesdalswiki fått på plass mange fødselsdatoar, så det er blitt rutine å gå innom framsida for å sjå kven som fyller år i dag. Det gjer eg kvar morgon, ofte må eg innom og lese om vedkomande, av og til kan det vere noko å fikse i artikkelen.

Geir er også oppmerksam og legg ut artikkel om runde tal på facebooksida til Setesdalswiki. Mange vil då få ei ekstra helsing, ikkje minst dei som ikkje har fødselsdato på facebook og difor ikkje får helsing på eiga side. Dermed fungerer Setesdalswiki også som sosiale medier, SoMe, som det blir kalla i våre dagar.

Ettersom eg ikkje har familie i dei indre bygder av Agder og difor ikkje har mange av mine med artiklar på Setesdalswiki, må eg nok likevel halde greie på fødselsdagar i familien på anna vis. I dag var det Brit Obrestad som hadde dag. Hennar bilete har ofte vore med når eg skriv blogg, så eg sender ei spesiell helsing til henne. Eg prvde å laste opp eit av bileta hennar, men det fekk eg ikkje til i kveld, så du får glede deg over eiga blomeprakt, kor du enn måtte vere i verda når du les dette.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *