Fridom med perspektiv

Share

I kveldens sending i Valle Radio hadde Siri Johannessen fått med seg Leiv Rygg Langerak til å snakke om markeringa av fridomsdagen. Byglandsordføraren hadde mange fine perspektiv å vise oss og på spørsmål om korleis situasjonen er når det gjeld rasisme og relaterte tema, meinte han at det er forholdsvis lite synleg i regionen. Dette grunnga han mellom anna med at flyktningar som har busett seg i Setesdal, har fått rimeleg grei integrering i samfunnet.

Etter samtalen med han, tok Siri telefonen til Johannes Morken, som er redaktør i Stefanusalliansen. Her er ein presentasjon av han, henta frå verdidebatt.no:

Frå 1.2.2017 Redaktør i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land – frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Dei snakka om arbeidet som blir gjort for å støtta kristne som blir forfylgde for trua si rundt om i verda. Av og til går det politikk i slike saker, som då Tyrkia arresterte ein amerikansk pastor som har budd i mange år i Tyrkia. Dei vil bruke han som bytte for at USA skal sende dei imamen Gülen, som Tyrkias president meiner stod bak kuppforsøket der for ei tid tilbake.

Johannes Morken hadde i dag eit innlegg på Verdidebatt, der han skriv om situasjoen for kristne i Irak. Eg tek med heile innlegget, det er til å bli klok av og til å forstå meir om arbeidet til Stefanusalliansen:

Irak: Djup mistillit til muslimar etter IS-barbariet

Publisert rundt 15 timer siden – 101 visninger

Desperasjonen er til å ta og føla på blant kyrkjeleierar i Irak. Det er dessutan djup mistillit til muslimar etter IS-barbariet. Bryr vi oss ikkje når Irak snart kan vera tømt for kristne?

På 1990-talet var det over 1,5 millionar kristne i Irak. I dag trur pessimistane at det berre er 150 000 igjen. Dei mest optimistiske seier at det kanskje er 250 000. Truleg er det færre. På slutten av 50-talet utgjorde dei kristne 3 prosent av folket, i dag under 0,1 prosent.

Profetisk rop

Ninive-sletta aust for Tigris i Nord-Irak er eit kjerneområde for kristendom i Irak. Vi er på bibelsk grunn. Til Ninive sende Gud ein motviljug profet, Jona, for å åtvara om undergangen dersom folket ikkje omvende seg. Ninive angra, og byen blei spart. Men så gjekk angeren over. Profeten Nahum måtte av garde med ny åtvaring. Den gongen vart Ninive øydelagd. Ruinane av Ninive, som også Jesus snakka om, ligg like ved dagens Mosul

Mosul, Iraks nest største by, skulle også oppleva øydelegging. IS-terroristane kom i juni 2014. Dei okkuperte Mosul og så landsbyane på Ninive-sletta. Mange muslimar flykta også. Men det gjekk brutalt utover alle minoritetar. 12 000 yezidiar blei drepne og over 6000 jenter tekne som sexslavar. Kristne blei jaga under trussel om å bli drepne, eller dei måtte konvertera til islam.

Mange kom seg ut av landet. Andre vart flyktningar i eige land, først og fremst i den sjølvstyrte kurdiske regionen. Dei kurdiske styrkane var dei einaste som stod imot IS.

Etter at IS til slutt blei nedkjempa frå 2016, har nokre tusen kristne  familiar vendt heim til landsbyane på Ninive-sletta. Men framleis er tusenvis av flyktningar.

Desperasjon
Under ei reise nyleg møtte eg ei djup fortviling. «Klarar vi ikkje raskt å byggja opp igjen landet og byggja bru over den djupe mistilliten mange kristne har til muslimar etter IS, vil håpløysa komme for alvor», seier Emanuel Youkhana. Han høyrer til den nestorianske kyrkja og  leier hjelpeorganisasjonen Capni – Christian Aid Program Northern Iraq. Capni er med på å byggja opp att kristne landsbyar og hjelper til med å skaffa arbeid. Dei hjelper også yezidi-flyktningar med utdanning.

Men det er ikkje berre knuste hus, øydelagde vegar og sundbomba straumforsyning som må byggjast opp att. Mistrua mot muslimar er sterk etter IS. Folk som hadde budd saman med muslimske naboar i tiår fram til IS, er no redde for at naboen er knytt til IS. «Det er fullt forståeleg», seier Youkhana.

Men Youkhana åtvarar mot å bli gislar for vonde minne. Han vil lækja såra. Det tek tid, som fortvilte flyktningar ikkje har. Endå meir tid tek det sidan Bagdad-regjeringa er passiv. «Snart fire år etter at IS slo til, er det ingen nasjonal debatt om kvifor tragedien hende og korleis vi kan hindra at noko slikt aldri skjer igjen. Regjeringa skrapar på overflata og gjer ingenting for å nå fram til grasrota og ofra for IS», seier Youkhana.

Han krev nytt skulepensum. Sidan Irak har skapt ein slik brutal ekstremistbevegelse, er det tid for å slutta å læra barna fundamentalisme og i staden læra toleranse, seier Youkhana. Nytt lovverk må sikra at minoritetane blir likeverdige borgarar og ikkje andre- eller tredjerangs.

Byggja bruer
Skal Irak ikkje enda opp som ei varig slagmark mellom sjia- og sunnimuslimar og mellom arabarar og kurdarar, må minoritetane sikrast. «Over heile Midtausten byggjer sekteriske grupper murar. Kristne kan byggja bruer», seier Youkhana

Storparten av dei attverande kristne i Irak bur i sjølvstyrte Kurdistan eller på Ninive-sletta. Fleire store kristne landsbyar ligg i område der Kurdistan og sentral-regjeringa i Bagdad kranglar om kven som skal styra. Krangelen vart krigersk etter den kurdiske folkerøystinga om sjølvstende i fjor haust då Bagdad-regjeringa tok kontrollen over nokre av byane Kurdistan hadde gjennomført folkerøystinga i. Youkhana krev dei kristne landsbyane i desse «omstridde område» innlemma i Kurdistan. Trass alt har livet der vist seg tryggare enn i resten av Irak – anten det er i sjia- eller sunnikontrollerte område.

Svikta
Andre kristne leiarar eg møtte, kjenner seg ikkje berre forfølgde av IS og lever i frykt for at IS kjem tilbake. Dei kjenner seg også svikta av Vesten. «Eg trur USA ønskjer å sleppa å ha kristne her, kristne som klagar på kva USA gjer», seier den syrisk-ortodokse erkebiskopen Nicodemus Daoud. Vi treng ikkje kjøpa forklaringa, men forstå desperasjonen.

Daoud har, sidan IS okkuperte Mosul, styrt kyrkja frå Erbil i sjølvstyrte Kurdistan. Kyrkja hjelper kristne som vil venda heim. Mange vågar enno ikkje dra heim eller dei kan ikkje fordi heimane ikkje er bygde oppatt. Mange vil helst forlata landet, dersom dei får sjansen. «Dagleg tek vi farvel med nye», seier erkebiskopen.

For Nicodemus Daoud er Irak heilagt land. Her har folk vore kristne i snart 2000 år. Han forstår dei som vil gje barna ei framtid utanfor Irak. Men han fryktar at identitet og røter blir borte.

Kanskje er det vanskeleg å ta innover seg tragedien. Skal vi stilla vi opp i ein fortvilt kamp mot klokka?

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 8. MAI 2018

 

Stefanusalliansen, starta som Misjon bak Jernteppet i 1967, er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon med særskilt fokus på trusfridom

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *