Koseleg prat

Share

Medan eg hadde meg ein middagslur i dag, hadde min gamle kollega Øystein Berg prøvd å få tak i meg. Dermed måtte eg prøve å ringe tilbake, men då var han i møte og svarte ikkje.

Men i kveld fekk vi kontakt, og når vi er på tråden, blir det gjerne ein koseleg prat om gamle dagar og korleis det går med elevar vi har hatt. Etter at eg slutta på Valle Vaksenopplæring, er det kome mange nye elevar som eg ikkje kjenner. Dei kan vi hoppe over, men det er alltid triveleg å høyre korleis det går med gamle elevar.

Øystein kunne fortelje at det nesten er stopp når det gjeld busetting av flyktningar i Valle no, det er for så vidt ikkje unaturleg når ein tenkjer på situasjonen i landet som heilskap. Mange elevar som har vore i Valle dei siste åra,  tek grunnskuleeksamen, den er for øvrig i morgon, og elevane kom opp i matematikk. Deretter går ferda til vidaregåande skule, noko som fører til at dei flytter frå kommunen.

Han trudde difor at det kanskje går mot slutten for vaksenopplæring i norsk om ikkje så mange år. Det er gledeleg å sjå at folk kjem seg vidare, får seg utdanning med tanke på jobb. Det er jo det ein lærar jobbar med.

Elles var han redd at skulen kom til å flytte frå sentrum og bli lagt til ungdomsskulen, det skulle visst kome ei sak om det i kommunestyret i vår. Det har vi vore imot i alle år, det er ikkje greitt at foreldre og barn går på skule same staden.

Sjølv om det er interessant å snakke om saker relatert til jobben eg hadde, er eg glad for å ha avslutta og ikkje stå midt oppi alle problema som trass alt melder seg og som må løysast i deg daglege.

Takk for ein koseleg prat, Øystein!

Foto: Brit Obrestad

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *