Utslått

Share
Kanskje kan ein vannbakkels hjelpe?

Når varmen slår inn, blir eg slått ut. Av og til blir det sagt at det er ekstra ille når varmen slår til fort, men for meg er det ingen forskjell. Difor blir nok morgondagen like roleg som den pleier å vere, vi har ingen barnebarn som går i tog i Mandal, så vi held oss heime og fylgjer feiringa på TV.

Der blir det også ei amputert feiring, for det blir visst ingen reportasjar frå rundt om i landet på NRK. Journalistane streikar, og det er ingen kontakt, etter det TV2 kan melde. Med andre ord, NRK er også utslått.

Valle Radio er også utslått, i alle fall onsdagssendingane. Det skulle vore sending i kveld, men den ble slegen saman med tysdagssendinga i går. Dermed fekk vi Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad i staden for andakt frå Norea. Det var ikkje noko dårleg bytte, Torleif brukar andaktsboka til Tormod Vågen, songar av Marit og Irene i tillegg til personlege opplevingar knytta til livet som kristen.

Tysdagskvelden hadde mykje musikk, både relatert til våren og 17. mai, men også folkemusikkhalvtime med Sigrid K. Jore. Og så kom Torunn Charlotte Nyberg i studio og fortalde om kva som skal skje 17. mai. I år er feiringa i Valle, noko som er høveleg, for Soknehuset på Rysstad er ikkje ferdig oppussa enno, så ein kan kanskje seie at det også er utslått for tida. Til slutt fekk vi eit flott postludium med norsk musikk, der hadde Siri funne fram desse stykka:

* Ludvig Nielsen: «Inngang (Entrance) fra Norsk orgelmesse ved Brudevigsel» spilt av Ole Karsten Sundlisæter på Mühleisen-orgelet i Trefoldighetskirken i Arendal.
* Elias Blix, melodi C.E.F. Weyse: «Gud signe vårt dyre fedreland» sunget av Kirsten Flagstad, akkompagnert av Sigvart Fotland på J.H. Jørgensen-orgelet i Ris kirke i Oslo.
* Oskar Lindberg: «Orgelkoral nr 4: Helige Ande, låt nu ske» – «Fagert er landet», spilt av Ralph Gustafsson på Åkermand & Lund-orgelet i Leksands kyrka.
* Edvard Grieg: «Fra Holbergs tid, op. 40: Rogaudon (allegro con brio)» spilt av Anders Johnsson på Casavant-orgelet i Sankt Pauls kirke i Bergen.
* Bjarne Sløgedal: «Fløyteljod» spilt av Jon Martin Høie på Jensen & Thomsen-orgelet i Lund kirke i Kristiansand.
* Signe Augusta Lindeman: «Søndagskvel på fjellet» spilt av Bjørn Andor Drage på Jørgensen-orgelet i Ålesund kirke

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *