Ny plate frå Inger Lise

Share

I går kveld var Inger Lise Stulien med på telefonen i Valle Radio. Ho har eit hektisk program, men fekk pressa inn ein prat med Siri Johannessen der ho skulle ha øving med Knut Kjetil Møen, den faste gitaristen hennar, før dei skulle på øving med bygdekoret.

I programmet fortalde ho om ideen til plata Samklang, som vart lansert fredag. Ho starta i Vinje og fylgde Setesdal nedover for å finne partnarar å syngje duett med. Dermed er Sondre Bratland, Fjellfolk, Kirsten Bråten Berg, Stein Roger Sordal, Martin Wikstøl med på plata saman med mange andre gode folk frå heile landet.

Inspirasjon til tekstane kan kome frå mange kjelder, ho har skrive 12 av dei 14 tekstane sjølv. Inger Lise fortalde om gleda eit smil frå ein elev på skulen kan gje, så vel som tankar og minne frå andre hendingar. Nokre av songane har vore gitt ut før, mellom anna Fager er jordi og Minnebok. Den første er det Gunnar Rysstad som har laga teksten til, den høver ikkje bare til jol. Den andre er faren Arthur Stulien med på, han spelar trekkspel, og alle dei sju søskena til Inger Lise korer på den.