Meir Grieg

Share

Eg heldt ut ganske lenge i går kveld, for ikkje å seie i dag tidleg. Ut på natta spelte dei Sigurd Jordsalfar, det vekte minne tilbake til ungdomstida då eg spelte bratsj, for eg trur eg var med på å spele frå det då eg var med i Sandnes orkesterforening og spelte bratsj på gymnaset.

Så kom Peer Gynt med alle dei kjente stykka. Der har eg spelt nokre av dei arrangert for orgel i ulike situasjonar, så det vart sein natt før eg kom meg i seng. Å høyre dei med stort kor og orkester og skodespelarar frå Grieghallen var ei mektig oppleving.

I dag kom ein lenger ute i opuslista og eg vart sitjande og høyre på stykke som ikkje var så kjente for meg. Men avslutninga med 4 salmer var jo flott. For ti år sidan skreiv eg artikkelen om Audun Iversen på Wikipedia, her fekk vi høyre han på direkten.

Takk for programmet!