Indremisjonsforbundet

Share

Indremisjonsforbundet sin kretsleiar Ragnar Ringvoll var med i Valle Radio tysdagskvelden. Han skulle fortelje om Bibel- og Naturcamp på Bygland KVS. IMF nyttar skulen i sommarferien til å halde leir 1. til 8. juli. Han fortalde at Olav Nilsen organiserer leiren, så han visste ikkje så mykje om den, men anbefalte nettsida til arrangementet. Den finn du her: http://www.bibelognaturcamp.no/

Ein treng altså ikkje reise så langt for å få bibelcamp i sommar. I år er det Audun Hjellvik som er talar, han er emissær i Nordhordland Indremisjon. Ringvoll fortalde at det er mange faste gjester som kjem att år etter år, ein kan bu i vogn, telt eller på skulen. Men det er god plass og fleire er velkomne.

Sjølv overtok han som kretsleiar i 2017 etter ei lang karriere i politiet. Der kan dei slutte tidleg, og han engasjerte seg i IMF der han var kretsformann før han vart kretsleiar.

Det var eit interssant innslag i tysdagssendinga. Ringvoll var tydeleg van med å vere i media og kom gjerne tilbake etter det eg kunne forstå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *