Ljosglimt

Share

I dag kom eg til å lese Ljosglimt på nettet. Menighetsblad for Evje og Hornnes og Iveland blir lagt ut på nett i tillegg til at det sikkert kjem i postkassane.

Det dukka opp to dødsfall i Iveland som eg ikkje hadde fått med meg i Setesdalswiki, Gunvor Honnemyr og Gunhild Nygård. Ved eit tilfelle hadde eg teke vare på avisa der dødsannonsen stod for den eine, og etter litt leiting på nettet, fann vi også dødsannonsen for den andre.

Så no er det kome artiklar om begge.

Setesdalswiki har eit lite mål om å ha artiklar om alle som døyr i det minste i Setesdal, Iveland og Åseral. Grunnen til det er mellom anna at ein gløymer fort kva tid slike hendingar var, men med artiklar, om enn små, kan ein finne det att om ein skulle trenge det.

Av og til ser eg namn som truleg kjem frå dei aktuelle kommunane på folk som bur i Kristiansand eller andre stader i regionen. Dei tek eg likevel ikkje med, sjølv om dei kanskje burde vore med. Det krev for mykje å finne ut korleis dei eventuelt høyrer til. Men om du har nokon som burde hatt ein artikkel på Setesdalswiki, kan du sende meg informasjon eller skrive inn sjølv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *