Åpne dører

Share

Margunn og Stein reiste frå Dalen i går. Turen gjekk via Nomeland og besøk hos Gro Kristin som var heime på ferie. Vi fekk helsing frå Tor Hovet, som også var der og helsar tilbake til han. Så gjekk turen over heia der dei fekk sjå dei tomme magasina både i Valle og Sirdal, før dei fann vegen ned til Lysebotn. Der gjekk det ferje til Lauvvik, og så var dei i Rogaland og kunne besøke tanter og onklar.

Det gjorde dei i dag, då var dei også hos tante Brit på Varhaug. Men ho var ikkje heime, så der kom dei til stengd dør. Men etter ein tur langs Nordsjøvegen til Eigersund gjekk ferda vidare til Helleland og sanneleg, der møtte dei både tante Brit og tante Solvor, Brit til og med i splitter ny Opel, første turen i dag.

Så gjekk ferda til Mandal, og då vart det endå meir liv i huset. For mine barnebarn likar godt å vere saman med Margunn og Stein, og det gjer vi også.

Utanfor hos Brit. Foto: Stein Haugland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *