Beste månad i år

Share

Juni var den beste månaden i år for Setesdalswiki om vi reknar Unike gjester. 11163 er nesten hundre betre enn i februar, som var vår nest beste månad i 2018.

Gjennomsnittet blei 593 gjester dagleg. Kvar gjest såg på nesten 10 sider i snitt, så Setesdalswiki er framleis nyttig for mange.

I løpet av juni kom det til 108 nye artiklar. Dei handla om folk, firmaer, stader, Setesdølen og sendingar i Valle Radio for å nemne noko. Ikkje noko er for smått til å få ein artikkel på Setesdalswiki, her er ikkje nasjonalt perspektiv, men perspektiv på det lokale og nære. Like fullt kjem det fleir artiklar av regional interesse og av og til også lenger ut.

Eg har gjort det til ein regel å starte dagen med å sjå på framsida på Setesdalwiki. Den endrar seg kvar dag, nokså ulikt mange andre nettstader. Hendingar den aktuelle dagen og bursdagar er jo greitt å få med seg frå morgonen av. Så kan ein slå opp når det er noko anna ein vil vite seinare.

Det bør du som les bloggen også gjere, kan hende vil juli gje endå fleire unike gjester.

Foto: Brit Obrestad

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *