Forsinka

Share

Når Setesdølen er forsinka i posten, blir ein gåande litt rastlaus og lurer på kva som har skjedd: Er det lagt i feil postkasse eller er det bare ordinær forsinking?

Det får eg som regel ikkje svar på. Gårsdagens avis kom i dag, så ho hadde neppe vore i feil postkasse.

Når ho så kjem, kastar vi oss over henne for å lese siste nytt akkurat som vi gjer med avisene som kjem kvar morgon og er god frokostlektyre for pensjonistar.

Etter litt tenking er det så tid for å skrive inn overskriftene i Setesdalswiki, og så eventuelt lage artiklar basert på stoffet som er i avisa eller som ein finn andre stader. På denne måten har det blitt ganske mange artiklar etter kvart. Over 630 artiklar om levande personar er i dag med kjelde i Setesdølen eller Fædrelandsvennen. Truleg er det fleire, for den første tida laga ein gjerne artiklar utan å ta med kjeldene. Det har blitt betre etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *