Samtykke

Share

Eg skreiv tidlegare om personopplysningsloven og at ein kanskje treng samtykke frå personar som er omtalt på Setesdalswiki.

Grunnen til det var at eg har fått eit brev frå Datatilsynet som lurer på om eg har samtykke før artiklane vart publiserte. Om ikkje, lurer dei på om eg har informert dei personane det gjeld om at det er publisert opplysningar om dei.

Eg har fått frist til å svare innan 15. august.

Om du ser på siste endringar på Setesdalswiki, vil du sjå at Geir har teke bort bileta sine i svært mange artiklar. Grunnen er at han ikkje har fått utrykkeleg samtykke til å publisere dei på Setesdalswiki. For ikkje å bryte loven, ønsker han å vere føre var og ha samtykke før bileta eventuelt vert lagde inn att.

Etter dette kan det verke som om det bare er døde personar ein kan skrive om utan samtykke. Nokre har meint at ein kan skrive artiklar om og ha bilete av offentlege personar, men det er eit omgrep som er vanskeleg å definere. Så difor må ein nok basere seg på samtykke om ein skal følgje loven.

Nokre meiner også at loven sin paragraf om unntak for kunstneriske, litterære og journalistiske formål gjer at ein kan lage nettleksikon utan å kome i strid med loven. Men eg har ikkje funne noko som tydeleg seier at dette er tilfelle, så også her vil ein ha problem, trur eg.

I dag har eg difor starta arbeidet med å få samtykke. Det var jo lett for meg sjølv og dei nærast rundt meg, for då kunne eg bare snakke med dei. Men etter kvart vil eg nok måtte kontakte folk både på telefon og på nett for å få samtykke. Der eg har fått samtykke, vil det kome ein grøn V i personmalen i artikkelen. Så får vi sjå korleis det utviklar seg etter kvart.

 

 

 

Ein tanke om “Samtykke”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *