Nede igjen

Share

I dag tidleg gjekk Setesdalswiki ned. Heldigvis kunne serveren restartast i ettermiddag, så ved fem-tida i kveld var systemet i orden att.

Etter at Setesdalswiki gjekk ned i sommar, diskuterte vi litt kva vi skulle gjere. Det som er løysinga, er kan hende å finne eit datasenter som kan hoste nettstaden slik at vi sikrar drift heile tida. Det vil koste pengar, og Setesdalswiki har ikkje pengar, så vi tok kontakt med Lars Erik Domås i Setesdal IKT for å høyre om dei kanskje hadde plass til oss.

Etter å ha fått eit oversyn over kor mykje plass vi treng, skulle han drøfte det med rådmennene for å sjå kva dei kunne gjere. Der ligg saka no.

Etter kvart er jo Setesdalswiki blitt ganske stor, det er svært mange bilete, og tett på 90.000 artiklar om vi tek med datoartiklane. Så eg håpar at vi finn ei løysing om ikkje alt for lenge.

Bompengar

Share

Etter å ha konstatert at ingen norske vann diamant i Diamond League, måtte eg få med meg Debatten på NRK1 i kveld. Den handla om bompengar.

Det er ingen tvil om at eg er mellom dei heldige i landet. I si tid betalte eg bompengar på Besteland/Hekni og før det også lenger nede i Setesdal, men i det store og det heile har det vore lite faste bompengar å betale for meg. Då toler eg ein Oslo-tur gjennom bomringen der i ny og ne eller ein tur vestover gjennom bommen på Kvinesheia. Til Kristiansand er det sjeldan behov for å reise, i alle fall i rushtida, så eg unngår dei største utgiftene også der.

Då er det nok annleis på Nord-Jæren. Der er det bompengeopprør, for 1. oktober kjem det mange fleire bommar som skal flå bilistane. I kveldens program møtte vi ei kvinne der familien måtte ut med 33600 kroner i bompengar i året frå 1. oktober. Eit slikt innhogg i inntektene til ein småbarnsbamilie, det merkast nok.

Etter mi meining kom Kjetil Solvik Olsen best ut av debatten. Han fekk fram at Frp er imot bompengar, men at ei mindretallsregjering må inngå kompromiss og at det ikkje er fleirtal for reduserte bompengar i Stortinget. Så enkelt er det. Det var jo bare ein politikar frå Miljøpartiet de Grønne, og dei er grønne og trur alle kan reise med trikken. Slik er det ikkje i distrikts-Norge. Vi bur seks kilometer frå Mandal sentrum og kunne neppe bu slik utan bil, det går skulebuss om morgongen og ein annan buss til og frå byen morgon og kveld For pensjonistar som kan tilpasse seg tidene, kunne det kanskje gå om ein då ville ha heile dagen i byen, men kven vil det nå ein bare skal handle litt mat.

Men i Mandal slepp vi bompengar og får dekka dei fleste behov, så eg enda opp med å konkludere med at vi er heldig stilte her.

Gullbryllup

Share

I dag har vi feira gullbryllup saman med kongefamilien. Vår feiring var gjennom TV-skjermen, der fekk vi både historisk oversyn og direkte formidling frå hendinga i Oslo domkyrkje og slik sett vart vi klokare enn vi hadde vore tidlegare, i alle fall vi som ikkje studerer desse tinga med falkeblikk i vekepressa. Det var visst eit stort bilag i Se og Hør denne veka, men å oppleve hendingane på TV er betre enn å lese om dei.

For oss som likar ei traust gammaldags gudsteneste med orgelmusikk og korsang, var det mykje å gle seg over, ikkje minst i sendinga frå bryllupet. Så var det noko meir moderne 50 år etter, men også det ein hyllest til kjærleiken i tekstar og musikk, delvis med same salmene som for 50 år sidan, men sjølvsagt prega av ei utvikling som har gått. Dette var også kommentatorane inne på, for 50 år sidan var det menn i leiinga av kyrkja, no var det mest kvinner der, mellom anna.

Og så var det interessant å sjå dokumentaren om flyttinga av huset i Tuengen allé til Maihaugen og korleis det gjekk an å flytte ein solid bygd villa, bygd for å stå på same plassen i lang tid, som Lego-byggesett teken ned og bli sett opp att og bli klar til opning for publikum til denne dagen.

Og sjølv på ein onsdag der ferien var slutt og skulane starta så var det folksamt i gata langs ruta der kongeparet kjørte i open bil frå Slottet til kyrkja. Det tyder på at kongeparet står sterkt i folket, og fleire gonger i programma vart det streka under at det at dei til slutt, etter ni års ventetid, fekk lov til å gifte seg, truleg var det som gjorde at kongedømmet kunne overleve, det ville vore unaturleg å tenke seg å etablere eit kongedømme i dag, men når det først er der, så står det sterkt.

At dronning Sonja hadde ein kamp å kjempe før ho fekk sin prins, det skjøna alle. Men vi fekk også eit lite innblikk i kampen ho måtte kjempe for å finne sin plass på Slottet, som var ein mannsbastion då ho kom dit, men som ho etter kvart tok hand om og tok oppgåva med å inspirere til vedlikehald og ettersyn. Det er jo ein stor bygningsmasse det er tale om, og det er det beste for alle partar at han blir halden ved like som symbol på det offentlege Norge.

Så var det godt å kunne avslutte dagen med svart skjerm og glede seg over at kjærleik kan vare i 50 år for fleire enn dei kongelege.

Korrekturlesing

Share

Korrekturleseing er eit nødvendig onde. Vi tastar og skriv mangt og mykje, som oftast har vi kontroll på fingrane, men av og til bommar vi på tasten og treffer feil. Om vi ikkje merkar det med det same, blir feilen verande. Difor er det nødvendig med korrekturlesing.

Men så kjem situasjonen der ein skal lese korrektur for andre. Det er alltid lettast å oppdage andre sine feil, så difor er det godt å kunne få ein annan til å sjekke. I avisene hadde dei korrekturlesarar før, eg trur ikkje det er så mange no, for feil florerer.

Då eg var redaktør av Fiskerens Venne frå 1972 til 1976, var det nødvendig med korrekturlesing. Bladet vart sett med blysats, og då måtte ein sjekke at bokstavane hamna på rett plass før avisa gjekk i trykken.

Men det var alltid noko å fundere på. Det var eit vel utvikla teiknspråk for å merke feil, og så måtte typografen rette. I våre dagar må korrekturlesaren helst rette direkte, å merke i margen med teikn til typografen er nok ikkje så vanleg lenger.

Dermed kjem funderingane, for då må ein ikkje bare rette feil, men også fundere på om feilen er feil eller om det er noko forfattaren vil ha slik. Til dømes skriv forfattaren alle pengebeløp med kr. 5000,-

Skulle det heller vere utan ørestrek? Skulle i så fall kr. framfor heller byttast ut med kroner bak tallet? Så sit ein der og funderer. Slike spørsmål gjev ikkje retteprogrammet svar på. Det finn fort tastefeil, men andre problem med teksten er vanskelegare å korrekturlese.

Skal det vere punktum etter overskrift? Om det er korte, nesten stikkordsmessige setningar, gjerne utan verb, skal dei ha punktum til slutt, eller kan punktum sløyfast.

Av og til kjem til og med spørsmålet om korrekturlesaren skal gje råd om å flytte avsnitt som høver betre på annan plass i teksten. Då tek han kveld og håpar at morgondagen gjev nokre svar. Å sove på det, det er alltid lurt.

Lengsla bygde katedralar

Share

Ei strofe av Tor Jonsson rann meg i hugen i dag. Eg kom til å lese i bok eg fekk for mange år sidan om Italia. Der skildrar forfattaren eit besøk i katedralen til minne om Sankt Cataldus, ein irsk munk som slo seg ned i byen Taranto etter å ha forlist utanfor kysten av Italia.

Ikkje visste eg noko om Taranto, ei heller om Cataldus, så no veit eg litt meir. Men diktet av Tor Jonsson kom inn frå sida og minna meg på alle dei katedralane eg såg på TV under Tour de France i sommar. Det er nok å ta av både i Frankrike og Italia.

Vi tenkjer ofte på landa som sekulariserte, men eg er ikkje så sikker på om det er rett, for det går føre seg eit kontinuerleg vedlikhaldsarbeid på desse lengselens bygningar, vigde til Gud og ein eller annan helgen. Og då paven var i Irland nyleg såg vi store folkemassar slutte opp om besøket.

Ein gong på1980-tallet var paven også i Norge, han besøkte Tromsø. Ein flyktning eg kjende frå Sri Lanka fekk høve til å vere til stades, det var den største hendinga i hans liv. Så desse lengselens bygningar, fulle av kunst og dermed populære turistmål, har framleis relevans for moderne menneske som sakrale bygg der ein kan vende seg til Gud i bøn for land og folk.

Av og til tenkjer eg at eg gjennom radioprogram også kan vere med og byggje slike katedralar, om ikkje i stein, så i ord og tonar som kan rette blikket mot himmel meir enn mot jord.

Foto: Livioandronico2013/ Wikimedia Commons

Lever på minner

Share

Du tronar på minnen från fornstora dar,
då ärat Ditt namn flög över jorden.

Slik heiter det i andre verset av Sveriges nasjonalsang, Du gamla, du fria. Sangen rann meg i hugen i helga då eg kom til å skrive om Samisk folkehøgskole på Wikipedia. Dei har hatt ein konkurranse om Samisk kultur denne veka i det som vert kalla Ukens konkurranse.

Eg kunne vinne billettar til ein konsert i Operaen, den hadde eg neppe prioritert, men av og til ein det å delta i ein konkurranse eit puff til å skrive litt på Wikipedia, der skriv eg ikkje så mykje lenger, men av og til fristar det å skrive om noko anna enn Setesdal og Indre Agder.

For mange år sidan kom eg til Karasjok på besøk på Samisk folkehøgskole. Den er nedlagt no, bygningane er selde, akkurat som Hadsel folkehøgskole, der eg var rektor i 15 år, halvparten av tida den var i drift. Og då eg googla litt, dukka det opp bilete av folk eg møtte den gongen, då var samisk svært eksotisk for meg. Det er det for så vidt enno, men likevel langt meir kjent.

Eg hugsar at eg var så imponert over ho som stod i kassen på butikken der, for ho snakka både samisk, norsk og finsk, men det var jo ei anna sak.

Når eg kom på strofa som eg innleidde bloggen med i kveld, var det fordi minnene om turen i Finnmark vart så levande. For så vidt var det god grunn til det også då eg såg på Arctic Race of Norway på TV for ei stund sidan, mange av dei vegane der syklistane for fram, hadde eg kjørt.

Så kunne eg sitje her i Mandal og minnast hyggelege menneske eg har møtt på desse reisene, ikkje bare på DSF, som folkehøgskolen i Karasjok vart kalla, men også elles i tida mi i Nord-Norge. Ein av dei, Inge Hyld, hadde bursdag i går, etter det Vårt Land kunne fortelje.

Det er godt på ha gode minner med seg og å kunne ta dei fram av og til.

Programleiar att?

Share

Ein dag denne veka fekk eg ein telefon frå Ørnulf Hasla. Han lurte på om eg kunne tenke meg å bli programleiar i Valle Radio igjen.

-Eg saknar radioen mykje, svarte eg.

Eg kunne jo sagt at eg har tenkt på å melde meg til teneste for andre nærradioar her ved kysten, men ikkje funne noko som høver. Men eg høyrer jo på Valle Radio på nettet når det er sending så sant det høver.

-Vi har fått nytt studio nå, så eg trur det kan gå an at du er programleiar frå Mandal, sa han. -Eg har ein onsdag i oktober og ein i november for å få det til å gå i hop slik at programleiarane våre bare har ein kveld i månaden om du blir med.

-Du kan få tenke på det til slutten av veka, sa han.

No er vi komne til slutten av veka, eg har tenkt og fundert og kome til at om det er ønskeleg, så kan eg melde meg til teneste att.

Det blir spennande å sjå om noko slikt kan fungere.

Foto: Britta Lise Homme

Dyre brannar

Share

No kjem rekninga for arbeidet med å sløkke brannane i Setesdal og resten av Agder i sommar. I Fædrelandsvennen i dag var det nemnt nokre tall:

Setesdal var det 4,5 mill
Østre Agder truleg 2,5 mill
Brannvesenet Sør 1 mill
Kristiansand Brannvesen 1,5 mill

Det vert tett opp under 10 mill til saman. I tillegg kjem helikopterleige. Det står Direktoratet for, men Bykle hadde eitt helikopter utanom desse, og det kom på 1,7 mill pluss moms, altså over to mill til saman.

For å hjelpe henta Sivilforsvaret inn folk frå andre deler av landet, 23 frå Trøndelag, 20 frå Øst-Finnmark og 45 frå Kristiansand til å hjelpe i Setesdal.

Når så fylkesmannen har ein pott på knappe 3 millionar til å dekke slike hendingar, seier det seg sjølv at det ikkje er enkelt å få dekt dei kostandene det medførte, og det er bare i Setesdal, i andre deler av Agder brann det jo også, om enn ikkje så mykje som i Setesdal.

Mykje utstyr må også byttast ut etter å ha blitt øydelagt i løpet av sommaren, så det kan nok bli ei stor rekning å dekke, langt meir enn ein hadde budsjettert med. Setesdal Brannvesen sitt årsbudsjett er på 12 mill.

I år var det 168 brannar, i fjor 25 frå 1. juli til 24. august. Det var ingen kvilande sommar i år for brannfolka.

 

Svaret til Datatilsynet

Share

Dette svarte vi til Datatilsynet 15. august 2018:

Jeg viser til Deres brev av 29. juni 2018.
Jeg kan bekrefte at jeg er ansvarlig for nettsiden. I brevet ber dere om svar på to spørsmål:
Til spørsmål nr. 1
Nei, Setesdalswiki har kun innhentet samtykke til publisering av personopplysningene i noen få tilfeller. I noen tilfeller har personer gitt personopplysningene til oss direkte i personlig samtale, på telefon eller via E-post el. I de fleste tilfellene er samtykke ikke innhentet.
Til spørsmål nr. 2
Privatpersonene er i hovedsak ikke aktivt informert om at det er publisert personopplysninger om dem på Setesdalswiki.
Utfyllende kommentarer
Setesdalswiki er et privat prosjekt, startet opp og gjennomført av undertegnede, på idéelt grunnlag. Den bakenforliggende årsaken var at mange deltakere på «Setesdalskonferansen» i 2009, arrangert av Setesdal Regionråd for næringslivet i Setesdal, oppfordret meg til å starte opp et slikt prosjekt. Driften av Setesdalswiki er ikke basert på fortjeneste. Det er praktisk talt ingen inntekter i prosjektet, men derimot noen utgifter til serverleie m.v.
I forhold til personopplysningsloven drives Setesdalswiki under forutsetning av at behandlingen av personopplysningene har utelukkende «kunstneriske, litterære eller journalistiske formål», jf. 2000-lovens § 7. Lovens alminnelige regler for behandling av personopplysninger (2000-loven §§ 8 m.fl.) gjelder derfor etter mitt syn ikke for virksomheten.
Dette kan nærmere og underbygges ved at Setesdalswiki har til formål å lage et nettsted med artikler om (sitat fra wikien) «personar, bedrifter, organisasjonar, stader, geografi og anna i regionen. Det vil også vere naturleg å ta med relevante ting utanfor Setesdal. Men vi er også langt på veg ei nettavis. Kvar dag er det hendingar som vi nemner gjennom datoartiklene våre.» Setesdalswiki er både et leksikon for Setesdal og Indre Agder, og et journalistisk produkt.
I personregisterforskriften § 2-13 til personregisterloven av 1978 var det gjort unntak fra konsesjonsplikten etter personregisterloven § 9 for forlagenes personregistre til bruk ved utgivelse av leksika, mens § 2-14 unntok dags- og ukepressens personregistre til bruk i journalistisk virksomhet. Det var et klart signal om at lovgiveren oppfattet utgivelse av leksika, og innsamling av personopplysninger i
den sammenheng, som et litterært eller journalistisk formål, og at lovens generelle bestemmelser følgelig ikke skulle gjelde ved utgivelse av leksika.

Senere ble personregisterloven og personregisterforskriften opphevet, og erstattet av personopplysningsloven av 2000. Nå er også 2000-loven opphevet, og erstattet av ny personopplysningslov i sommer. Jeg kan ikke finne noen holdepunkter i verken lovene eller forarbeidene til disse som tilsier at det har vært meningen å unnta utgivelse av leksika fra «kunstnerisk, litterær eller journalistisk virksomhet» for ettertiden.
Konklusjon
Ut fra dette er det altså etter min mening slik at utgivelse av Setesdalswiki, et nettleksikon, må falle inn under «kunstneriske, litterære eller journalistiske formål», jf. 2000-loven § 7, og at de bestemmelser dere viser til i brevet ikke gjelder for oss.
Setesdalswiki skal være en seriøs informasjonskilde på lokalt nivå og drives etter samme prinsipper som leksikon på nasjonalt nivå.
Vennlig hilsen

Ei interessant bok

Share

I posten i dag kom ei interessant bok. Running av Ronnie O’Sullivan er ein sjølvbiografi om livet til ein av dei mest fascinerande snookerspelarane i verda. Han har vunne meir enn dei fleste og når han spelar, sit eg klistra til skjermen.

Eg har tidlegare skrive om snooker, trur eg. I Norge er det ein idrett for dei spesielt interesserte, men i Storbritannia er det svært populært og O’Sullivan er den mest populære av dei alle.

Boka hadde datter mi, Rønnaug, skaffa frå England. Ho veit jo at eg likar snooker, eg har prøvd å få barnbarna mine til å dele interessen, men det har lukkast bare til ein viss grad, for dei er det fotball som gjeld når det er tale om ball.

Sjølv ein som har vunne alt som kan vinnast, har hatt sine problem. For Ronnie har det vore så mykje alkohol og narkotika at han har blitt med i AA og AN, men han har hatt hyppige sprekkar. Dette fortel han ope om, og så fortel han om korleis terrengløp har blitt redningen for han, eigentleg er han lat og likar god mat, men løping held han i form og gjer at han kan halde ut i dei lengste turneringane.

Som sagt, boka kom i dag, så det er ikkje så langt eg har kome. Men ho var også eit kjærkome høve til å pusse på engelsken min. Språket var rimeleg lett og med eit interessant emne ser eg for meg å kunne bruke litt tid i dagane framover på å bli betre kjent med ein snooker-legende. Og snart startar snooker på TV, håpar eg. Eurosport sender heldigvis ein del av desse turneringane, og då gleder eg meg over å sjå godt spel utan å ha jublande tribunar, for i snooker er det heilt stille på tribunen, ingenting må forstyrre konsentrasjonen.