Komisk

Share

I dag måtte eg le. Fædrelandsvennen sitt helgebilag God helg har eit kryssord. Det er i samarbeid med Adresseavisen, så løysinga skal sendast til Trondheim. Det er greitt nok, sjølv om sjansen for å vinne blir redusert ganske mykje når deltakarar frå mange aviser er i same konkurransen.

Men i teksten på kupongen er det tydeleg at personopplysningsloven har slått ned i redaksjonen. Høyr på dette;

Ved å sende inn kryssordet godtar du at Adresseavisen lagrer dine opplysninger for å kunne trekke og publisere en vinner av konkurransen. 

Tenk det.

Det skulle vel bare mangle at ein ikkje skulle kunne lagre adressen for å finne fram til vinnaren av kryssordet. At ein skulle trenge samtykke til det er parodien trekt heilt ut.

Korleis skulle ein ellers få sendt premien til vinnaren?

Men send gjerne samtykke til å ha artikkel om deg på Setesdalswiki. Sjølv om vi kan hende fell under journalistikk, skader det ikkje.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *