Service

Share

Av og til opplever ein service ut over det ein skulle forvente. Det gjorde eg i dag då eg var innom Berge Elektro i Mandal. Denne Euronics-butikken har så god service at eg som regel handlar der når eg skal ha noko elektronikk, og i dag hadde eg behov for ny ladar til mobiltelefonen og nettbrettet.

Den gamle ladaren har eg hatt ganske lenge, men no hadde plasten rundt kontakten som skal inn i nettbrettet falle av, så kontakten var nokså fri ein periode, noko som sjølvsagt gjekk ut over koblinga av dei små ledningane. Dermed slutta den å lade, så i helga måtte eg ty til nødløysingar for å halde straum på dei ulike duppedittane mine.

Eg tok med meg den øydelagde ladaren til butikken og lurte på om dei hadde ein ny til meg. Ho som ekspederte i dag såg på den, gjekk til hylla der det hang fleire slike.

-Eg skal sjå om det er nokre att i tilbodskassa vår utanfor butikken, sa ho og gjekk ut.

Det var det, så eg sa ho kunne ta med to om det var to i kassa. Då eg fekk høyre prisen, sa eg at om ho hadde tre, ville eg gjerne ha ein til.

Og sanneleg, det var det.

-Desse går ut av vårt sortiment, så vi har lagt dei ut i tilbodskassa for å få dei bort, sa ho.

For meg spelte ikkje det så stor rolle, men eg fekk tre for godt under prisen av det ein kosta, så eg følge at eg hadde gjort eit skikkeleg kupp. Ho kunne jo bare funne eit par av dei dyraste som hang på hylla hennar, men nei, ho visste at det var gode tilbod utanfor butikken, og då var det fint å kunne gje meg og eit slikt tilbod, ikkje bare dei som var og rota i tilbodskassa.

Det kallar eg service!