SommarCamp 2018

Share

Dette var eit arrangement i Bykle i sommar. Det var ein fin artikkel om det i Setesdølen i går, og eg tok kontakt med Harald von Krogh Alfstad som hadde skrive artikkelen og spurte om å få han til Setesdalswiki.

Det fekk eg omgåande saman med bileta til artikkelen. Eg fekk også stoff nok til at eg kunne skrive ein biografisk artikkel om forfattaren.

Å få slike tekstar er gull verd. Sjølvsagt treng dei ikkje vere trykt i Setesdølen først, referat frå hendingar og artiklar om arrangement kan lett få ein plass på Setesdalswiki. Det fine med vårt system er at det ofte også blir lenker til andre artiklar på Setesdalswiki. Dermed aukar informasjonsverdien for lesarane.

Om du har ein artikkel du gjerne vil få publisert, kan du sende den til meg, så ser vi om vi kan få det til.

SommarCamp 2018. Foto: Kevin Berntzen