Litt nettavis

Share

Setesdalswiki er eit leksikon, men av og til fungerer vi som litt nettavis også. I dag tok eg ein telefon til Torstein Bærheim for å høyre kor mange som var med på turen til Måvatn på sundag 2. september 2018.

Vi fekk ein hyggeleg prat og han fortalde at om lag 25 personar var med, ikkje bare innanbygds, men også frå omkringliggande kommunar. Ein familie frå Belgia som bur i Iveland hadde gjester frå Belgia som også vart med, så guidinga måtte føregå på engelsk og norsk, men det var ein fin tur, fint ver og hyggeleg selskap.

Han fortalde også at han hadde hatt fleire slike turar, det var viktig å tilpasse dei til deltakaran, så det var mange stopp der ein kunne fortelje om naturen og kulturen på strekningen. I Måvatn enda dei opp på svaberg i sørenden av vatnet, det var ei halvøy der etter det eg skjøna, og nå var det så lite vatn og dei fine berga kom godt fram.

Etter at vi hadde hatt praten, fekk eg ein sms med bilete frå turen. Eg er for lite kunnig på om det er råd å flytte eit slikt bilete over til bloggen, slik at de kunne sjå det, så eg ba om å få det på epost, men då var han alt ute på ny tur, så eg får s,mørje meg med tålmod.

Men samtalen førte til at Setesdalswiki fekk ein ekstra notis på sundagens hendingar om at det var 25 deltakarar på turen.  Og slik vart sida på Setesdalswiki meir nettavis enn leksikon, tenkjer eg. Leksikondelen er at det er artikkel om Torstein Bærheim og om Måvatn, hendinga er avisfunksjonen.

Sjekk gjerne artikkelen med hendingar på 2. september 2018, så kan du sjå det sjølv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *