Opningar

Share

I kveldens sending i Valle Radio var det fokus på opningar. I halvtimen med kommunal informasjon handla det om den komande opninga av bibliotekbygget Sæbyggjen med kyrkjestove/ festsal. Det er lagt opp til eit rikhaldig program både laurdag og sundag. Laurdag er alt gratis med unntak av konserten Folkeakademiet arrangerer om kvelden.

Deretter var det ein flott reportasje frå opninga av Straume kraftverk. Der fekk vi høyre Svein Harberg opne anlegget, som har vore i drift eit år som prøveperiode, Steinar Kyrvestad som gledde seg over satsinga, Stein Føreland Straume som talsmann for eigarane. Vetle Tveiten Hoslemo kveda. Det var eit flott program for oss som ikkje var der, men sikkert også fint å høyre for dei som var der.

På ein måte var også seniormessa på Hylestad soknehus ei opning, for det var første gongen eit slikt arrangement vart halde i Valle. Svært godt oppmøte, etter det vi fekk høyre i programmet, der også Kjetil Carolis Jore orienterte om brannvern, akkurat der var lyden ikkje så god som på resten av opptaket.

Det er godt at Valle Radio er i gang att, I opi sending kom det ein telefon heilt frå Mallorca, men eg fekk og høve til å snakke litt om Setesdalswiki etter å ha løyst ein rebus. Dei andre innringarane fekk premie, min premie var å fortelje om Setesdalswiki og få samtykke til å ha artikkel om Ronny Stavsholt og Ingeborg Åkre Løyland der. Datatilsynet vil at vi skal ha samtykke frå folk vi skriv om. Om det kravet blir ståande, får vi ein stor jobb med å få slike samtykker. Men vi håper at dei kan sjå at vi er eit leksikon, det er unntak for krav om samtykke for leksikon og aviser. Inntil vidare takkar vi for samtykka vi har fått, om vi får fleire er det jo bra, så send gjerne ei melding om det til meg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *