Sæbyggjen opna

Share

Takka vere Valle Radio kunne eg få med meg opninga av Sæbyggjen frå Mandal. Eg høyrde det meste på radio, men kom plutseleg på at det også vart streama frå arrangementet og dermed fekk eg med meg blomlauk #14 også.

Eit høgdepunkt var Paal-Helge Haugen si framføring av eigen tekst til opninga. Der gav han oss opplevingar om skrift, tekst og bibliotek som var både fulle av perspektiv og sanneleg også med historiske glimt frå Valle folkebibliotek heilt tilbake til 1918 då det kosta ei krone å vere medlem.

At ein person fekk eit illebefinnande og måtte få hjelp til og med av ambulanse, gav det heile eit avbrot, men det løyste både forfattaren og møteleiaren på ein god måte, ein tenkepause for å grunne på teksten var ikkje så ulagleg som ein kunne tenke det kunne bli.

Gode ord og blomar med på vegen fekk både huset og folka som står bak. Konserten med Kim var ei perle å få med seg, så det er grunn til å takke Valle Radio for formidlinga til oss som ikkje kunne vere til stades på arrangementet.

Foto: Geir Daasvatn

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *