Alle innlegg av Harald Haugland

Mediemangfald

Share

I kveld var det ein diskusjon på NRK i programmet Torp Spesial som handla om mediemangfald. Det vil seie, det var NRK mot røkla, for leiarar for mediebedrifter hadde skrive ein kronikk i Aftenposten der dei tok til orde for å avgrense NRK til å halde seg meir til TV og radio og ikkje lage nettavis av sakene.

Når dei laga gratis saker på nett, kunne ikkje mediebedrifter som Schibsted konkurrere, for dei må ha saker bak betalingsmur. NRK er jo lisensfinansiert og slepp å tenke på å skaffe seg inntekter på anna vis.

For å overleve hadde dei kommersielle mediebedriftene nedbemanna mykje, nokre kan hende med 50%. Det fører til at det er færre til å dekke kommunestyremøter og anna i grisgrendte strøk som ikkje har eigne aviser, men der stoffet blir dekt av regionavisene.

Slik sett er Setesdal heldig, vi har ei avis som dekker grisgrendte strøk. Redaktøren i Setesdølen har ikkje artiklar på nettet, økonomien ligg i papiravisa og han vil ikkje konkurrere med seg sjølv. Om han skulle hatt digital utgåve, måtte han hatt fleire folk. Det hadde ikkje vore bærekraftig. Men eg trur at nettopp det at regionen har Setesdølen, gjer at vi også har dekning av stoff i Fædrelandsvennen, det hadde ikkje vore mykje frå Setesdal og Indre Agder om Fædrelandsvennen hadde vore einaste avisa. No må regionavisa på banen om ho skal halde på abonnentar i Indre Agder.

Det var interessant å høyre debatten, særleg i dag, då eg sende svaret til Medietilsynet om Setesdalswiki. Der sa eg at Setesdalswiki er eit leksikon og ei nettavis. For sjølv om vi ikkje lagar reportasjar som ei vanleg avis, så melder vi kvar dag om nye hendingar i Setesdal. Det er ikkje store artiklar om hendingane, men fortel likevel om livet slik det utspelar seg i regionen, og så får kvar og ein velje om dei vil lese det eller ikkje. Vel 500 var innom oss i dag.

Robotisering

Share

Siste tema i partileiardebatten i Arendalsuka var robotisering. Det kom fram at dette var noko norske arbeidstakarar frykta, for det kunne føre til arbeidsløyse ved at folk vart overtallige når arbeidet vart overteke av robotar.

Eg fekk vel eit inntrykk av at politikarane ikkje frykta det særleg mykje og meinte at norske bedrifter var gode på omstilling, slik at folk heller fekk andre jobbar enn å miste dei. Slik sett tenkjer eg at dei tok litt lett på folk si frykt, for den er reell. Lærarar, advokatar og journalister er neppe dei som er mest utsette, men vi høyrde ein spådom om at butikktilsette var særleg utsette. Når folk betalar elektronisk og bare kan scanne varene sine sjølv, blir det behov for folk til å fylle på hyllene, men ikkje til å betjene kunder i kassen.

Elles må det vere noko vanskeleg å halde ein partileiardebatt når dei fleste journalistane var langt meir interesserte i å høyre kva Per Sandberg hadde på hjarta, og når han først kom på scenen ein halv time før partileiardebatten, tok den tidlegare nestleiaren nesten luven frå alle dei mange ulike leiarane. Eg synest synd på både Sandberg og Solberg, for å seie det slik.

Som KrF-veljar syntest eg Knut Arild Hareide gjorde ein god figur i debatten. Han fekk litt einetid for å seie noko om strategivalet til KrF. Det klarte han godt, og på slutten av debatten minna han om at i  all robotiseringsteknikken er det også viktig å hugse på etikken.

 

 

Stort og smått

Share

I dag starta Arendalsuka. Eg har ikkje tenkt meg dit, men det er mange som alt er på plass. Mange tenkte nok at det meste som skulle skje, ville hende der. Men den første dagen var scenen for politisk dramatikk nok helst lagt til Oslo.

Per Sandberg, som i helga var i Mandal med fiskeriministeroppdrag, hadde kan hende også tenkt å kunne dra rett til Arendal, der han visstnok hadde fire debattar på programmet, måtte i staden dra til Oslo og møte Kong Harald for å søke om å få avslutte perioden ved Kongens bord. Kong Harald svarte Ja vel, gav han avskjed i nåde, og så var det nok å gjere for å stette media sine krav om svar på ditt og datt både for Solberg, Sandberg og Jensen.

På heimebane er livet litt lettare. I dag runda Setesdalswiki eit nytt hundretal av artiklar. Eg skreiv litt om det på Såpekassen, der ein kan diskutere stort og smått om Setesdalswiki, men der det ikkje er nokon diskusjon, bare meldingar om nytt hundretal:

Artikkelen om Bortelid Utmarkslag vart artikkel nr. 89 600. I Setesdølen nr. 57, 2018 var det eit oppslag om tømming av Bortelidtjønna, og den jobben blir gjort i regi av Bortelid Utmarkslag, så då var det naturleg å skrive ein artikkel om dette selskapet. Dei hundre artiklane kom på 18 dagar, så no har farten auka litt igjen. Om det held fram slik, er ikkje godt å seie, men det er nok av fjell og vatn å skrive om framover om ein ikkje skal skrive om personar, då. —Harald Haugland(diskusjon) 13. aug. 2018 kl. 20:10 (CEST)

For øvrig kunne eg notere at nemnde eksemplar av Setesdølen var utan røde lenker. Det er svært sjeldan vi klarar å skrive artiklar om noko utan at det vert røde lenker, ikkje minst avisa sine overskrifter. Det var ei stor hending i Setesdalswiki, men i eit større perspektiv var det nok ingen som heiste flagget av den grunn.

Så får eg heller heise flagget sjølv i kveld og takke for at du les Setesdalswiki av og til. Kan hende lesetipsa på bloggen i går kunne få deg til å svinge innom oss oftare. Velkommen skal du vere.

Lesetips for Setesdalswiki

Share

Dei fleste les kanskje Setesdalswiki fordi dei googlar noko, og så kjem ein artikkel opp. Men her kjem nokre lesetips som kan vere gode å ta med seg for å få meir utbytte av nettstaden.

Sjølv startar eg dagen med å gå til framsida på Setesdalswiki. Då får eg eit oversyn over kven som fyller år denne dagen. Då får eg også ei liste over kva som hender i Setesdal. Lista er neppe fullstendig, men likevel ei god oversikt.

Vi som lagar Setesdalswiki, saumfarer avisa og elles for å finne hendingar som kan setjast inn på aktuell dato. Sjølv om eg har skrive inn mange av hendingane for den aktuelle datoen, kan hende i lag tid på førehand, er det godt å få ei påminning om det på morgonen.

Det kan også vere lurt å sjå på siste endringar. Det er ei lenke i venstremargen. Der kan du få med deg det siste som er gjort for å oppdatere Setesdalswiki.

Ei anna nyttig side er Nye sider. Den står det lenke til nede på sida. Om du klikkar på lenka, får du opp alle nye artiklar sidan sist du var inne.

Endeleg så kan du finne meir stoff om du klikkar på blå lenker. Røde lenker er lenker til artiklar som ventar på å verte skrivne. Men blå lenker fører til nye artiklar som det kan vere fint å få med seg.

Endeleg vil eg nemne lenka i venstremargen som heiter Hva lenker hit. Der kan du sjå samanhengen som sida du er på har med resten av leksikonet.

Om du brukar leksikonet på denne måte, ser du at Setesdalswiki ikkje bare er eit tidlaust oppslagsverk, men ei dynamisk nettavis med aktuell informasjon kva einaste dag. Dei fleste andre nettstader er meir statiske. Sjølv om ein seier at ein nettstad må oppdaterast hyppig for at folk skal kome tilbake til han, er det ei grense for kor ofte folk oppdaterer nettstaden sin, ja sjølv Facebooksider blir oppdaterte for sjeldan, meiner mange.

Men Setesdalswiki har ny framside kvar einaste dag. Du kan altså la den vere første sida du går inn på om du vil vite kva som skjer.

 

Meisterleg

Share

I kveldens sending frå EM i Berlin kom meldinga om at NRK har fått retten til å sende dei neste fire meisterskapa i friidrett og meir til . Det var bra, for då får vi kanskje oppleve fleire kveldar som denne. At han som vann 1500 meter i går kunne vinne 5000 meter i dag og få med seg bror sin på plassen bak, det går over det meste ein kunne forvente.

5000 meter har ikkje kvalifisering. Difor var det eit stort felt som starta, alle som hadde sprunge under tida som var sett, kunne vere med. Det kunne jo gå ille i eit så stort felt, men då det drog seg til, gjekk Jakob Ingebrigtsen fram i teten. Eg skulle vel sagt at han ikkje såg seg tilbake, men det gjorde han, han tok seg tid til å ta ein high five med broren og så sprang dei frå dei andre.

Det fortente ein is i stova i kveld. Sjølv ein som er middels interessert i idrett må late seg imponere. Løping er stor idrett i heile verda. At ein norsk ungdom frå Sandnes slår alle i Europa, må vere til inspirasjon for alle som trener, anten det er ski eller andre idrettar. Det er mogleg å gå til topps, også for ein ung norsk idrettsutøvar.

Europameister

Share

Ein kan ikkje anna enn bøye seg i hatten, som han sa. Yngste bror Ingebrigsten, Jakob, 17 år gammal, sprang fortast av alle i kveldens finale på 1500 meter. Tre brør i same finaleløpet og yngstemann vinn. Det er sterkt.

I går var det Karsten Warholm som vann 400 meter hekk, men i dag då han var i finalen på 400 meter utan hekk, vart han sist. Det får så våge seg, han gjorde meir enn han var komen til Berlin for å klare. Så åttande plass var bonus.

Ein heil kveld i lag med ein fullsett Olympiastadion for oss i stova heime i Mandal. Det var god underhaldning, så ein kan ikkje anna enn å late seg imponere over at norske friidrettsutøvarar klarar å måle seg med utlendingar og bringer heim medaljar og ære for prestasjonar også i sommaridrett. Det er jo mange fleire som driv det enn som driv vinteridrett.

Gratulerer til Sandnes og Ytre Dimna!

 

Menneskerettssti

Share

I dag tenkte eg at eg ville skrive om Menneskerettsstien på Landeskogen Peace Center. Men eg visste ikkje anna enn at Lillian Hjorth opna den, slik eg kunne lese i Setesdølen i går.

Så eg tok ein telefon til henne. Ho er dagleg leiar av Menneskrettighetsakademiet og det var ho som svarte i telefonen då eg ringde dit.

Ho vart jo litt forundra, for ho hadde ikkje sett oppslaget i Setesdølen, naturleg nok. Men eg fortalde henne at ho kunne lese det på Setesdalswiki. Og så lurte eg på kva den stien ho hadde opna, var for noko.

Då kunne ho fortelje at Helga Arntzen hadde hatt ideen og at ho sjølv hadde utforma teksten på skiltet som står ved starten av stien. Den er kan hende to kilometer lang. Så går du eit stykke, der møter  du første skiltet, det har tre av artiklane i Menneskerettserklæringa.

Slik held det fram med ti stasjonar og når du har gått heile stien, har du også gått gjennom heile Menneskerettserklæringa.

Lillian Hjorth var vennleg og sende meg teksten som står på det første skiltet. No ligg også den i artikkelen om Menneskerettighetsstien på Setesdalswiki.

Lillian Hjorth opnar Menneskerettighetsstien på Landeskogen Peace Center. Foto: Trond Haugå

 

Levande og døde

Share

Vi skriv om både levande og døde på Setesdalswiki, sjølv om dei døde nok har vore i fleirtal i sommar. Ettersom Dattilsynet kom etter oss med spørsmål om samtykke, er det ikkje så interessant å skrive om levande utan å ha samtykke, og då blir det færre artiklar i denne kategorien.

Men band, fjell, vatn og slikt kan vi jo skrive om. Det er bare det at artiklane skal ha ein viss aktuelitet også, og då er det ikkje alltid så lett å lande slike artiklar.

Men her er lista over nye artiklar den første veka i august 2018

Menneskerettssti

Share

I dagens Setesdølen var det reportasje frå arrangementet på Landeskogen Peace Center 29. juli. Då opna Lillian Hjort, leiar av Menneskerettsakademiet, landets første menneskerettssti. 150 frammøtte fekk med seg eit rikhaldig program i vakkert ver og fin natur.

Ein kan ikkje anna enn bli imponert over Helga Arntzen, dagleg leiar av Landeskogen Peace Center. Ho er levande engasjert i ein alder av 76 år og utviklar stadig nye idear til å gjere Fredssenteret meiningsfullt for fleire. Nye utstillingar inne, ei ny fast utstilling ute: På sporet av frihet.

Nå er det jo slik at utstillingane må fornyast og utviklast, elles er det ikkje noko å kome til for den som har besøkt senteret ein gong eller to Så Helga står på, no har ho også opna utstillingar i andre etasje. Det er jo nok av rom å ta av på Landeskogen, så det er framleis god plass att.

Det var Signe Sollien Haugå som hadde skrive innlegget i avisa i dag. eg tok ein telefon til henne for også å få legge det ut på Setesdalswiki. Så no ligg det der, du kan lese det når det høver for deg. Det vil også kome bilete, Trond Haugå i Dreamsurf tok dei, men dei får vente litt før dei blir lagde ut, eg må finne ut litt meir først.

Landets første menneskerettssti vart opna

Helga Arntzen på Landeskogen 29. juli 2018. Foto: Trond Haugå, Dreasurf

Vi tar et tak

Share
Foto: Reidun Haugland

I dag startet neste trinn av prosjekt tak. Jeg har tidligere fortalt om biene som svermet og fant ut at de ville bo hos oss. Det førte jo til at vi i forlengelsen av å fikse noen råteskader, også måtte slåss med sinte bier i varmeste juli.

I dag begynte del to av denne historien ved at Ihme Bygg fjernet taksteinene på våningshuset her på Eskeland. Det var sementstein, de hadde ligget der siden huset var nytt. Slike steiner er ikke så bestandige som teglstein, de forvitrer og blir til sand som legger seg i takrennene.

Da vi bygget på huset i år 2000, fikk vi samme sort takstein som vi allerede hadde, for et søskenbarn av Reidun hadde byttet tak og hun hadde også sementstein. Men nå var tiden omme for disse.

Vi skulle jo hatt oppholdsvær, slik vi har hatt i hele sommer. Men dagen startet med regn, noe som førte til at det begynte å dryppe på fra ventilatoren over komfyren og ned på komfyren. Dampen fra koking ble bare ledet ut under taksteinene, når de kom av, fikk vannet en mulighet. Men den ble tettet før det gjorde noen skade.

Heldigvis hadde snekkeren en traktorskuff som han kunne kaste steinene i, derfor ble det bare små stykker som ble liggende igjen. Når skuffa ble full, tømte han den i tilhengeren og når den var full, kjørte han det hele bort. Nå ligger taket bart, men det sluttet heldigvis å regne og skal være oppholdsvær framover om prognosene stemmer.

Noen tårnseilerunger, flygedyktige, heldigvis, lurte veldig på hvor inngangen til reiret var blitt av da taksteinene vart tatt bort. Vi har hatt gleden av tårnseilere på taket i mange år, det har vært hyggelige gjester å ha. Vi trodde det var svaler, men vårt barnebarn Håkon gjorde, som i en periode var mer enn middels interessert i fugler, for å si det forsiktig, gjorde oss oppmerksomme på at det var tårnseilere. De får en tidlig start på voksenlivet. De kan ikke lette fra bakken, men når de letter fra et tak og får luft under vingene, kan de fly to år uten å lande, de til og med sover mens de flyr, om jeg har forstått det rett.

Med nytt tak blir det neppe noen ny plass til fugler under taksteinene. Om tårnseilerne da forsvinner fra oss, får jeg håpe de finne et nytt sted hvor de kan glede folk med sin stilige seilas.