Kategoriarkiv: Familie

Juleselskap

Share

I dag var vel dagen for mange juleselskap. Sjølv tok eg turen til Sandøya utanfor Brevik. Der samla Margunn og Stein så mange dei kunne få plass til i huset sitt. Dermed vart det 17 rundt spisebord og salongbord. Ingen gjekk svoltne heim.

Slik il det kanskje halde fram i nokre dagar. Med ei god romjul vil det nok bli ein del rundar rundt kakebord. I morgon skal vi til Lyngdal. Svogeren min har bursdag i romjula, så det har vore ein lang tradisjon å ha ein tur dit i julehelga.

Ein ting er at vi kan møte venner og kjente i slike juleselskap. I dag hadde barna førebudd ein quiz som vi kunne dele. Eit av spørsmåla var kor mange dyr av kvart slag Moses hadde med seg i Arken. Ikkje alle hugsa at det var Noa som hadde dyr med seg i Arken. Ettersom quizen gjekk på nettbrett og mobiltelefon,  der ein skulle trykke på rett svar, kunne alle bryne seg på spørsmåla, ikkje bare den eine utvalde til å svare eller den raskaste.

Eg opplevde at dette fungerte svært godt og inkluderande. I morgon tenkjer eg at det blir litt sang, søster mi er organist og heile familien likar å synge, så då vil nok ein og annan julesang skape samhald og glede.

Kanskje eg må prøve å lage ein slik quiz til i morgon, no har jo dei aller fleste mobil med internett, så då kan vi prøve den på andre i familien også.

Så vert julehelga både avkopling og tilkopling, og det skal den vere. Vi får håpe at ikkje storm og regn slår alt for hardt og hindrar juleselskap, dei er viktige høve til å ta vare på vennskap og relasjonar.

Farfar og morfar

Share

I dag vart eg farfar. Sigmund og Margaret i Ålesund fekk Henrik klokka 12.01 i dag og då meldinga kom ein time seinare, var både eg og Reidun glade og gledde oss med dei nybakte foreldrene. Ut over dagen har mange gledd seg med oss. Takk for alle gode helsingar både på mobiltelefon og facebook.

No står eg altså mellom to Henrikar, for far heitte Henrik. Så valde Sigmund og Margaret å kalle han opp, det var rørande og hyggeleg.

Henrik vart vårt fjerde barnebarn. Håkon, Kristine og Nikolai bur i Nittedal og har alt fått leve nokre år. Dei kallar oss mormor og morfar. No vert det farfar og farmor og.