Kategoriarkiv: Wiki

Med over hundre bøker i bagasjen

Share
Landeskogen er møteplassen i dag

Når Landeskogen Litteraturfest opnar om eit par timar, har forfattarane som skal delta over hundre bøker i bagasjen sin. Bøkene er ikkje på utstilling på Landeskogen, så det er nok helst som virtuell bagasje, den er jo ganske lett å bære. (Eg som har hatt folk til å rydde i boksamlinga mi i sommar, veit noko om at bøker veg mykje.)

Grunnen til at eg kom til å tenkje på dette var at eg sette meg som mål å skrive artiklar på Setesdalswiki om dei som skal delta på arrangementet i Grendi i dag. Sjølv om dei ti forfattarane ikkje har skrive like mykje, hadde det blitt ei flott utstilling om dei stilte ut alle bøkene sine. I arbeidet med artiklane fann eg ut at Ragnar Hovland har skrive nesten eit halvt hundre bøker gjennom mange år som forfattar, Terje Dragseth har minst 15 bøker bak seg og Hans Herbjørnsrud har eit titalls diktsamlingar på norsk, men mange er omsette til andre språk i tillegg.

Jo meir eg arbeidde med prosjektet, jo meir imponert vart eg over at Gunstein Bakke og Hind Helene Røynesdal har klart å samle så mange og så kjende deltakarar til arrangementet. Medan arrangementet i 2013 hadde deltakarar med lokal tilknytning der Paal-Helge Haugen var det store namnet, har dei denne gongen fått med seg folk som Ragnar Hovland frå Bergen og Hans Herbjørnsrud frå Notodden, Steinar Opstad frå Vestfold og Ingrid Storhol frå Trøndelag. Og musikken er frå Hedmark.

Medan arrangementet for to år sidan sprengde matsalen på Landeskogen, den har plass til 150 og det kom 200, lurer eg på om oppslutninga blir like stor i år. No må dei konkurrere med Tall Ships Races i Kristiansand og Canal Street i Arendal. Men det skulle vel vere nok folk til å fylle dei tradisjonsrike lokala. Eg vonar satsinga kan lukkast og ønskjer arrangørane lukke til.

 

 

Relevans i ein Wiki

Share

Eit av dei emna som vi diskuterte sundagskvelden (som eg skreiv om i går) var relevans. Eg prøvde å fortelje noko om diskusjonane som går om kva ein skal skrive om på Wikipedia, kvifor nokre personar kan omtalast, men andre ikkje. Og så fortalde eg at eg er inklusjonist og meiner at ein kan ha artiklar om dei fleste personar som er offentlege på ein eller annan måte, medan mange meiner at dei som skal skrivast om må ha utmerka seg. Det er ikkje nok med «mann med jobb».

Tor såg poenget med det same og peika på at det må vere noko som heng att frå den tida leksikon vart trykte på papir. Då var det trongt om plassen, så alle kunne ikkje vere med, det måtte ein redaktør til å bestemme kva som skulle vere med. Vi som er administratorar på ein wiki, fungerer nok litt som redaktørar, sjølv om vi ikkje er det, for vi slettar artiklar, gjerne etter ein slettediskusjon, av og til utan å diskutere med nokon, det er openbart at innlegget må slettast. Men eit nettleksikon har i prinsippet ingen plassgrenser, så ein burde kunne ha ei inkluderande haldning til stoff.

I staden har vi mange vurderingar om folk og bedrifter kan inkluderast, «wikipedia er ikkje gule sider» er eit anna munnhell som ofte nyttast. Eg tenkjer ofte at om ein skriv på ein nøytral måte utan å bruke blomespråk som først og størst osv, så burde mange fleire bedrifter kunne omtalast. Men eg er inklusjonist, og vil gjerne ha med så mykje som mogleg.

På grunn av desse relevansvurderingane har det blitt oppretta wikiar for smalare felt. Ein av dei første var lokalhistoriewiki, som tek for seg emne av lokalhistorisk karakter. Dei som vert omtalte der, er ikkje nasjonalt kjende, men kjende nok i sin region til at dei kunne få ein artikkel i eit leksikon. Slik veks det fram ein underskog av prosjekt som tek vare på lokale innspel. Setesdalswiki er nok i denne sjangeren, alle som har budd og arbeidd i Setesdal kan omtalast i dette leksikonet. Og det vert tøydd i strikken, predikantar som har vore på bedehusa i Setesdal kan godt omtalast, gjester i Valle Radio likeså.

Wikipedia er eksklusiv og oppslag der må ha ein relevans for heile Norge, andre wikiar har særpreg som skaper mangfold i leksikonverda.

Om Wikipedia, Setesdalswiki og andre wikiar

Share

I går var eg invitert av Tor Fuglevik til å ete middag på Hr. Redaktør i Mandal. Over ein torskerett gjekk praten livleg om Wikipedia, Setesdalswiki og Lokalhistoriewiki. Dette er wikiar eg skriv på og han ville gjerne høyre litt meir om ting vi som skriv på wikiar var opptekne av.

Det var ikkje lett å gje eit enkelt svar på spørsmålet hans, for folk er nok opptekne av ulike saker. Men han hadde eit spørsmål som gjekk rett inn i ein av debattane på Wikipedia som går nett no. Han hadde sett på artikkelen om sin venn Jahn Otto Johansen at det var ein merknad øverst. Den tykte han var malplassert i ein nokså omfattande artikkel om den kjende journalisten og forfattaren.

Merknaden seier at artikkelen Mangler kilder, men nederst i artikkelen kjem det fram at det både er eksterne lenker og referansar i artikkelen, og det er jo kjelder. Akkurat dette har vore ein stor diskusjon på Wikipedia den siste tida. Før, då Wikipedia var ung, var dei som skreiv der nok meir homogene enn i dag og ein hadde ei sams forståing av korleis ein skulle skrive ein artikkel. Men med tida har dette endra seg, og i våre dagar er nye folk kome til som ikkje har same forståing av korleis ein artikkel skal vere. Difor har det blitt viktigare å ha kjelder til artiklane, og ideelt sett skal alle artiklane ha kjelder. Eg har meint at når det er eksterne lenker eller referansar i ein artikkel, så er det kjelder gode nok, sjølv om dei ikkje står i eit eige kjeldeavsnitt. Men nokon meiner at eksterne lenker skal vere lenker til fordjuping i stoffet, ikkje lenker til kjelder.

Du kan nok tenke at kvelden gjekk fort der vi hadde oss eit godt måltid med is til dessert. Utanfor bles og regna det ganske mykje, men dei to timane tenkte vi ikkje på veret i det heile. Og oppløfta tok eg fatt på turen oppover dalen då måltidet var slutt. Men framleis tenkjer eg på det vi snakka om. Eg skal skrive meir om det i morgon.

Biografisk leksikon for Setesdal

Share
Valle jenter 14 2012 har ikkje biografi-tekstar i Setesdalswiki, med unntak av trenar Ulf Kjelleberg, men om dei held fram med same sportslege innsatsen i haust som i vår, kan det fort endre seg

Nå er det minst 500 personartiklar i Setesdalswiki, så ein kan samle dei til eit Biografisk leksikon for Setesdal. Det har eg gjort, og det var interessant å få den lista gjort synleg slik ho no ligg. Det viser seg at det er langt fleire folk frå Valle enn frå dei andre kommunane. Det er vel kanskje ikkje så spesielt, for eg held jo til i Valle, og ettersom eg skriv mest på Setesdalswiki, vil nok dei personane eg skriv om i større grad kome får Valle enn frå dei andre kommunane.

Men det er jo fritt fram for alle å skrive, og det er mange røde lenker på personar som kan fyllast ut. Eg tek med meg tradisjonen frå Wikipedia, der det heiter at ein ikkje skal ha med familiemedlemmer om dei ikkje på eiga hand fortener ein plass i leksikonet. Men det er eit prinsipp som ikkje er så høveleg i Setesdalswiki, for i prinsippet kan alle som bur i Setesdal ha ein artikkel her. Likevel er eg litt forsiktig med folk som er under 18 år, dei får nok helst bare artikkel om dei er aktive innan idrett eller på annan måte gjer noko som får dei til å skilje seg ut frå andre barn og unge.

Eg har nok av og til tenkt at eg burde lage artiklar også når eg ikkje har så mykje stoff om ein person. Til no har eg mest tenkt at artiklar bør vere fyldige, men eg ser jo at det er vanskeleg å få så fyldige artiklar som ein skulle ønske, i alle fall når ein baserer seg på det som står i Setesdølen, for der står det kanskje bare ei linje. Då har eg ikkje teke med vedkomande, men av og til har eg lurt på om eg burde lage artiklar om folk der bare nokre få informasjonar er tekne med.

I går skreiv eg om Marit Moi, og då eg sende henne eit spørsmål via Facebook. Svaret hennar var Oi, det var ikkje verst å komme med der. Eg vart glad for den kommentaren og  skulle ønske at mange tenkte som Marit. Send meg CV om du vil vere med, så fiksar vi ein artikkel til det biografiske leksikonet for Setesdal.